SFO er open måndag, tysdag, torsdag og fredag før og etter skuletid mellom kl. 07.00 og 16.30. Onsdag er det SFO heile dagen (kl. 07.00–16.30). 

SFO er stengt heile juli månad, på planleggingsdagar og i romjola (24.12–31.12).

Skulefritidsordning 2019/2020

Oppstartsdato for nytt skuleår er 19. august 2019.

Nye søkjarar som ønskjer plass frå skulestart 2019/2020 må søkje innan fristen for hovudopptaket, 15. mars. 

Elevar som alt har plass beheld denne til dei byrjar i 5.klasse. Du må søkje på nytt dersom du vil søkje endring av noverande tilbod.

Søknader som kjem utanom hovudopptaket blir tildelt plass dersom det er ledig og ut ifrå retningslinjene i vedtektene til SFO.