Vi har eit godt næringsapparat i kommunen som femnar om jord-/skogbruk, miljø, reiseliv, bygdeutvikling, tilflytting, busetting og elles generelt næringsarbeid. Vi har gjennom regionalt samarbeid ytterlegare tilgang på kompetanse, og kan også yte hjelp utanfor eigne rekker om det er nødvendig.

Fyresdal kommune har eige næringsfond, som saman med andre økonomiske verkemedel, blir bruka til beste for bedrifter og etablerarar i kommunen. Vi nemner her Innovasjon Norge, der Fyresdal kommune høyrer inn under den beste ordninga for lån og tilskot med 30 %.

Kommunen har god plass på industriområde og legg forholda til rette for etablering i næringsbygg.

Ta kontakt - det kan løne seg!

Reglar for bruk av næringsfondsmidlane

Vedteke av kommunestyret i Fyresdal kommune 28.01.2016 – sak 2015/631 

Formål: Fyresdal kommune skal gjennom handlekraft, fleksibilitet og utradisjonelle løysingar bidra til å skape - og halde på - lønsamme arbeidsplassar i bygda. Næringsfondet i Fyresdal kommune skal ut frå dette målet nyttast til beste for utvikling av nytt og eksisterande næringsliv i bygda, slik at kommunen blir ein god stad å bu og virke

1. Formannskapet disponerar dei kommunale næringsfondsmidlane, kalla næringsfondet, på post 1 410 470 i budsjettet.
2. Prioritering av løyvingar skal gjerast med basis i kommunen sine overordna planverk og målsettingar, men med individuelle vurderingar frå sak til sak. 
3. Det skal leggjast vekt på tiltak som gjev auke i talet på arbeidsplassar, og på kompetansen, gjennomføringsevna og erfaringa til søkjar. Om tilskotet gjev utløysande effekt på prosjektet skal dette også leggjast vekt på. 
4. Næringsfondsmidlane kan på grunnlag av individuelle søknader også nyttast til å gi tilskot til verksemder og private som sysselset skuleungdom i sommararbeid. Kommunestyret har vedteke eigne reglar for dette. 
5. Det kan ikkje løyvast lån frå næringsfondet. Søknad om lån til næringsføremål må rettast til kommunen som særskilt søknad, og det må fremjast som eiga sak for kommunestyret.
6. Søknad skal vere skriftleg og skal stilast på eige søknadsskjema til Fyresdal kommune. Der dette er mogleg skal årsrekneskap eller perioderekneskap fylgje søknaden. Kommunen kan krevje at det blir lagt fram annan informasjon og dokumentasjon knytt til søknaden.
7. Det er søkjar sitt ansvar at tiltaket er i samsvar med gjeldande lovar og reglar.
8. Det skal lagast spesifisert oversyn over bruken av midlane i næringsfondet. Denne skal leggjast fram for kommunestyret saman med kommunerekneskapen, eller når kommunestyret krev det.
9. Klage på vedtak i skal handsamast på nytt i formannskapet. Om vedtaket blir oppretthalde vert saka endeleg avgjort av kommunestyret.