Kommunen sine hovudmål for næringsarbeid

  • Auke folketalet for å trygge offentlege og private tilbod.
  • Handlekraft og kreativitet skal prege næringsarbeidet i Fyresdal slik at nåverande og nye bedrifter får lyst og mot til å satse.
  • Arealforvaltninga skal ta omsyn til busetjing, næringsliv og naturkvalitetar.
  • Arbeide for å sikre gode kommunikasjons- og samferdselsårer i Vest-Telemark

For landbruk har vi fylgjande strategiar for å nå måla

  • Oppretthalde produksjon og verdiskaping i landbruksnæringa.
  • Ta vare på kvalitetane i kulturlandskap, natur og grender.
  • Utvikle nye og alternative næringar.
  • Utvikle utmarksressursane gjennom berekraftig vilt- og fiskeforvaltning.

Kommunen har eit jordbruksareal på om lag 6 700 da. Dette disponerast av 40 brukarar. Areala er fordela på om lag 290 gardsbruk. Den viktigaste driftsforma i landbruket er sauehald, og i kommunen er det om lag 1 350 vinterfora sau fordelt på 23 buskapar. 3 mjølkeprodusentar har ei samla mjølkekvote på om lag 570 000 liter mjølk.