Moland kyrkje

Kyrkja vart innvigd i 1843 av bisp von der Lippe.

Ho er bygd av Gunnar Tarjeisøn Klauvreid under tilsyn av byggmeister Anders Syrtveit frå Evje. Ei av slottsarkitekt Linstow sine typeteikningar vart nytta som utgangspunkt. Kyrkja er bygd utan tårn av di det ofte er harde vindkast på staden. 

Benkane vart restaurerte i 1906, og kyrkja vart måla innvendig og pryda i 1908. Romet vart då kvitt, med grøn girlander oppe under taket, og benkar i grønt og gull. 

Kyrkjeromet vart på nytt restaurert i 1962, og det vart då måla i ein rosa farge. Benkane er nå blå med gull. Altertavla er frå 1738 og stod tidlegare i Heggland kyrkje. Nytt orgel kom på plass i 1979, og det gamle orgelet frå 1908 vart flytt til Veum kyrkje. 

I kyrkja er det oljemålarstykke av dei 11 fyrste Oldenburgerkongane. 

Kyrkjeromet gjev eit ope og romsleg inntrykk, og det har særs god akustikk. 

Besøksadressa til Moland kyrkje er Prestegardsvegen 20. 

Veum kyrkje

Kyrkja vart ferdig i 1863 og er ei langkyrkje bygd etter ei typeteikning av arkitekt C.H. Grosch.

Kunstnaren Kristian Kildal i Asker har laga fargedekorasjonane som er i kyrkja i dag. Resten av målararbeidet er gjort av lokale handverkarar. Det nymåla indre vart innvigd i 1957, og kyrkja vart då av biskopen kalla "den glade bodskaps kyrkje". Kyrkjeromet er rik på fargar. Fargane er haldne i gult, raudt, blått og kvitt.

Tidlegare hadde kyrkja eit rosevindauge over inngangsdøra, men dette vart fjerna av di det var i særs dårleg forfatning. Ei flott og sjeldan prismelysekrone er restaurert og hengt opp att i midtgangen. 

Orgelet er det tidlegare orgelet i Moland kyrkje, restaurert og montert i 1979. Dette er eit godt orgel som fyrst kom frå Gjerpen kyrkje til Moland kyrkje. 

Kyrkjeromet har eit varmt og ljost preg, og dette står difor i kontrast til det ytre, noko strenge, preget som kyrkjer av denne typen har. 

Besøksadressa til Veum kyrkje er Fyresdalsvegen 1050. 

Orgla i kyrkjene

Moland kyrkje fekk orgel i 1908. Dette orgelet kom frå Gjerpen kyrkje og var bygd av orgelbyggjaren Claus Jensen i 1874.

Claus Jensen var ein dansk-norsk, velrenommert pipeorgelbyggjar, som har bygd orgel i fleire norske kyrkjer. I 1978 blei orgelet demontert og restaurert i Veum kyrkje av orgelbyggjar Ernst Junker. Orgelet er i så nær autentisk original stand som råd.

Spesifikasjon: 

Manual:

  • Gamba 8’
  • Rørfløit 8’ 
  • Principal 8’ 
  • Gedakt fløjt 4’ 
  • Oktav 4’ 
  • Oktav 2’ 
  • Cornet 2 fag

Pedalverk

  • Subbass 16’ 
  • Gedaktfløyt 8’

Koppel

  • Manual til pedal 
  • Bunn oktav av pedaler til manual

Det noverande orgelet i Moland kyrkje blei bygd av orgelbyggjar Hammarberg fra Göteborg i 1978. Det er Hammarberg sitt fyrste orgel i Noreg. Firmaet har drive med orgelbygging i meir enn 150 år. Nils og Bo, som intonerte orgelet, er 4. og 5. generasjon i orgelfamilien Hammarberg.

Spesifikasjon

Manual I, Ryggpositiv Pedalverk

  • Rörflöjt 8’
  • Principal 4’ (fasade piper)
  • Koppelflöjt 4’
  • Waldflöjt 2’ 
  • Sesquialtera II
  • Mixtur IV 

Pedalverk

  • Subbas 16’
  • Borduna 8’
  • Oktava 4’ (fasade piper) 

Manual II, Brustverk

  • Gedakt 8’
  • Tvärflöjt 4’ 
  • Principal 2’ 
  • Nasat 1 1/3’ 
  • Skalmeja 8’ 

Koppel

  • II/I
  • II/Pedal 
  • I/Pedal

Variabel tremulant for Ryggpositiv. 

Årlege påminningar

Rydding

Gravlykter og andre lause dekorgjenstandar skal i restavfallet. Blomar og grasavfall skal leggjast i kompostdunkane/bingane. Dersom de sjølve ynskjer å rydde vekk visna kransar og blomar på ei ny grav, så må de gje melding om dette til kyrkjekontoret. Høyrer vi ikkje noko, vert alt rydda vekk av kyrkjetenaren etter 2-3 veker. 

Plantebed/innramming

Plantebed kan vere så breie som gravminnet og gå 60 cm fram, målt frå bakkant av gravminnet. Det er høve til å så til med gras rundt heile gravminnet. Etter avtale kan kyrkjetenaren gjere dette.

Gravminne

Nye gravminne skal godkjennast av kyrkjegardsadministrasjonen. Kyrkjekontoret har framleis ståande nokre gamle steinar til gjenbruk. Elles formidlar òg kyrkjekontoret gravsteinar frå Evje Steinindustri. Det er fint om de som har ansvar for dei ulike gravstadane undersøkjer korleis det står til i høve til gravsteinen, og om han treng å rettast på, evt. lyftast høgare. Tak kontakt dersom det er noko de lurar på, eller gjerne vil ha hjelp til.

Gravfond

Det er høve til å inngå avtaler med Fyresdal sokneråd om oppretting av gravfond (betalt gravstell), tidlegare kalla gravlegat. Per i dag er prisen på ei slik avtale kr. 1 050,- per år. I prisen ligg det utplanting, luking og vatning gjennom sesongen. Fyresdal sokneråd leiger Åse Breiland til stell av graver. Dersom du ynskjer å nytte deg av tilbodet kan du ta kontakt med kyrkjekontoret eller direkte med Åse på tlf.nr.924 85 954.

Gravplassar i Fyresdal

Fyresdal har 4 gravplassar som er i bruk.

  • Moland Gamle kyrkjegard 
  • Moland Nye kyrkjegard 
  • Veum kyrkjegard 
  • Lønnegrav gravplass

Fyresdal har også Heggland gamle kyrkjegard. Denne er ikkje i bruk som gravplass, men kvar olsok vert det halde friluftsgudsteneste der. 

Gravstell

Dette er eit tilbod til dei som av ulike årsakar ikkje har høve til å stelle gravene sjølve. Åse Breiland tek på seg å stelle graver gjennom sommarsesongen. Vanleg sommarstell startar med klargjering om våren med gjødsling og jordforbetring om nødvendig. 

I byrjinga av juni vert det planta sommarblomar. Kva for blomar som vert planta vil variere noko. Gjennom sommaren blir det vatna, luka og plukka visne blomar når det trengst. 

Etter sesongen blir det rydda i bedet og lagt på granbar til allehelgenssøndag, som er den fyrste søndagen i november. I tillegg er det mogleg å bestille lyng om hausten og krans til jol. 

Tak kontakt med kyrkjekontoret eller direkte med Åse i høve prisar:

Sivilagronom hagebruk 
Åse Breiland
Telefon 92 48 5 094
Org.nr. 981 662 954