Fylgjande praksis gjeld ved handsaming av dispensasjonssaker i Fyresdal kommune:

Avstand frå næraste bilveg/parkeringsplass til hytta må vere minimum 2,5 kilometer. Løypa skal fylgje kortaste farbare trase, men her må naturleg nok vere framkomleg gjennom vinteren. Jf. lokal forskrift er det kun mogleg å velje ein trase til hytta, med unntak der istilhøve på regulerte vatn er usikre i delar av sesongen. 

Løyve kan gis til eigar av hytta og eigars ektefelle/sambuar. I tillegg kan løyve gis til nær slekt av hytteeigar, nærare definert som eit ledd opp (foreldre), eit ledd ned (etterkomarar) og eit ledd til sida (sysken), likelydande for ektefelle/sambuar. 

Ved søknad om løyve til annanmanns hytte, skal skriftleg leigeavtale vedleggast søknad. Ved leigetilhøve over fleire år (åremål), kan også eigar av hytta ha løyve for å drifte hytta, men øvrige familiemedlemer skal ved slik bortleige ikkje ha løyve til hytta. For korttidsleige (vinter-/påskeferie o.l.) skal det ikkje innvilgast eige løyve, men i staden synast til hytteeigars løyve, eller til ervervsløyver i området.