Felles for alle tilskota er som fylgjer:

  • Satsane gjeld ut frå det som til ei kvar tid er godkjent av kommunestyret.
  • Det skal aktivt informerast om reglane for tilskot frå Fyresdal kommune. 
  • Eigaren/søkjaren må vere fast busett i Fyresdal kommune før tilskotet blir utbetala. For tiltak som krev løyve etter Plan- og bygningslova, eller anna lovverk, skal slikt løyve som hovudregel vere gjeven før arbeidet/tiltaket blir starta. 
  • Søknad om tilskot må vere sendt/levert til Fyresdal kommune før tiltaket blir iverksett. Tilskot blir utbetalt mot dokumentasjon etter at tiltaket er gjennomført. 
  • Tvilstilfelle avgjerast av formannskapet. 
  • Reglane for tilskota skal rullerast seinast innan utgangen av 2019.