Tak av FV 355 mot Birtedalen. På det høgaste punktet, etter 18 km, startar turen. Stopp ved skiltet og parker her. Fylg blått merke i sydleg retning. Ein ser den flotte varden i god tid før ein er der. Det er høve til å bade når ein passerar småtjønnar. Rundtur, eller same veg tilbake. Like flott tur sommar som vinter. 

  • Totallengde: 8 km 
  • Stigning: 240 m 
  • Terreng: Lang lett tur 
  • Gangtid: 4 timar

Sjå ut.no for kart