Fyresdal kommune blei saman med kommunane Tinn og Kragerø peika ut til å vere omstillingskommunar som følgje av store tap i arbeidsplassar over fleire år.

Gjennom dette programmet blei det i 2017 stilt 1,6 millionar statlege kroner til disposisjon for Fyresdal kommune i tillegg til kr 400 000,- frå Fyresdal kommune sjølv. Påfølgande år var den årlege statlege støtta på ca. 2,5 millionar kroner i tillegg til ca. 625 000,- kroner frå Fyresdal kommune sjølv. 

Omstillingsstatusen blei gjeve for 3 år, men det skulle vere gode moglegheiter for ei forlenging på 3 nye år. Omstillingsplanen blei difor skrive for 6 år (2017-2022).

Totalt blei det sett av over 18 millionar kroner til omstillingsarbeidet. Av dette bidrog Telemark fylkeskommune med 14 millionar og Fyresdal kommune med 4,2 millionar kroner. I tillegg var Innovasjon Norge med og delfinansierte enkelte sentrale prosjekt og verktøy som kunne takast i bruk i omstillingsarbeidet.

Målsetting og arbeidsplassar

Målsettinga i omstillingsarbeidet var 40 nye arbeidsplassar. Dei arbeidsplassane som blei telt er arbeidsplassar som omstillingsmidlane bidrog til å sikre og skape gjennom å støtte enkeltprosjekt, ut ifrå rapporten som blei laga når eit prosjekt var avslutta. Vi gjekk ut ifrå brutto tal. Dersom det forsvann arbeidsplassar i omstillingsperioden, blei desse ikkje tatt med i reknestykket.

For å nå målet og for å lukkast var vi avhengige av eit breitt engasjement frå både innbyggjarar i kommunen, næringsliv i kommunen, stat og fylkeskommune. I tillegg var det definert viktige delmål for denne store satsinga. Vi ville vidareutvikle Fyresdal!

Dagleg leiar for programmet

Håkon Holtskog var dagleg leiar for omstillingsprogrammet dei 3 fyrste åra av programmet (2017-2020). Dei 3 siste åra av programmet var det Tor Gunnar Austjord som var dagleg leiar.

Dagleg leiar hadde ei koordinasjonsoppgåve og var ansvarleg for å drifte og styre aktivitetane, tiltaka og prosjekta som omstillingsstyret og bedrifter i Fyresdal sette i gong.

Dagleg leiar arbeidde tett på alle dei som dreiv med næringsutvikling i Fyresdal og i Vest-Telemark, inkludert Fyresdal Næringshage. Målet var best mogleg samarbeid, best mogleg service og hjelp - og best mogleg vekst.

Nytt kring omstillingsarbeidet i Fyresdal - 29.11.2021

Etablering av datasenter har teke mykje tid og det er spennande at Fyresdal har lukkast med å bli ein lokasjon for denne næringa. Det vidare utviklingsarbeidet blir vidareført av Fyresdal Datapark AS.

Omstillingsprosjektet skal framover bidra i arbeidet med bruk av restvarme frå dataindustrien i andre næringar og pilotprosjekt med bygging av datasenter i tre. Dette er viktige satsingar då størstedelen av arbeidsplassane vil bli skapt rundt datasentera, ikkje i dei.

Trass i dystre statistikkar med fallande folketal og nedgang i offentleg sysselsetjing er det viktig å hugse at vi har mange engasjerte og dyktige lokale verksemder.
Det er svært viktig at verksemder i Fyresdal lukkast og vi må heie dei fram. Eg nemner nokon her, men får ikkje med alle så dette bare døme:

MHM entreprenør & service AS er eit fantastisk eksempel på at det går an i Fyresdal. Stort pågangsmot og vilje til å satse har ført til at dette no er den største private verksemda i Fyresdal. Det er bare å ta av seg hatten for arbeidet gjengen i MHM har gjort!

Birtedalen har ei positiv utvikling i hytteturismen. Dyktige aktørar som satsar! Dette skaper arbeidsplassar både i byggenæringa og i handel.  

Handelsverksemdene i bygda er svært avhengige av hyttefolk og turisme for å overleve. Utan den er det ikkje grunnlag for så mange som vi har i dag. For oss som bur i bygda kan vi alle ved å handle lokalt bidra til å styrke handelsverksemdene våre. Det er viktig at vi har så mange lokale butikkar som råd for å vere attraktive, og det gjev oss sårt tiltrengte arbeidsplassar i Fyresdal.

Vi ser at det er bra aktivitet knytt til reiseliv i Hauggrend med ViaFerrata Telemark og overnattingsverksemder som er aktive. På Åsberg er bygginga av Åsbergtunet i full gang. Eit flott konsept som vil utfylle dei tilboda vi har i reiselivet. Bygginga blir gjort av lokale handtverkarar.

Maskinentreprenørar melder om stor aktivitet både omkring arbeidet med Fv. 355 men også mykje andre oppdrag i bygda.

På Sitje er nyfjoset i ferd med å reise seg. Ei imponerande satsing som styrker Fyresdal som landbruksbygd.
Fyresdal Bondelag sitt prosjekt «Grønt i Fyresdal» med auka fokus på frukt, bær og grønsakdyrking har god deltaking og kan opne nye mogelegheiter i landbruket.

Telemark Kildevann AS er i gang med innkjøring av den nye produksjonslinja. Miljøvenlege produkt for eksport skal styrke verksemda og vil når den er i full drift skape fleire arbeidsplassar.

Statistikken for sysselsetjing viser at privat næringsliv held aktiviteten og sysselsetjinga oppe. Nedgangen i arbeidsplassar er i hovudsak offentlege arbeidsplassar som vert lagt ned.

Til alle eg ikkje har nemnt: Godt jobba, stå på og lykke til framover. I Fyresdal er alle viktige uansett om de er store eller små!

Vi ser ein del utfordringar framover:

For ein del næringar er det utfordrande å få tak i nok faglært arbeidskraft.

Vi har ikkje nokon gong i nyare tid vore så få innbyggarar i Fyresdal. Samstundes er fødselstala låge. Dette medfører reduserte økonomiske rammer for kommunen. 

Det er mangel på bustader og lite nybygging.

Denne kombinasjonen er svært uheldig og vi må snu desse trendane. Vi må skape mange nye arbeidsplassar og attraktive bustader og bumiljø.

VTR sitt småbrukprosjekt som kommunen deltek i er eit tiltak som kan vere med og bøte litt på bustadsmangelen. Gjennom prosjektet kan eigarar som ynskjer å selje få god marknadsføring av eigedommen sin. Vi håpar det kjem fleire småbruk på sal. Det er stor interesse i marknaden så for dei som vurderer å sele ligg det godt til rette no.

Kommunestyret har vedteke å setje i verk tiltak for å legge til rette for auka bustadbygging. Omstilling Fyresdal skal delta i dette arbeidet.

For å klare å få opp folketalet må vi skape fleire arbeidsplassar enn vi nokon gong har gjort.

Vi er heilt avhengige av dei som vil satse tid og kapital på å utvikle arbeidsplassar i bygda vår.  Vi må heie på dei. Hugs at vi alle nyt godt av kvar einaste arbeidsplass som blir skapt.

Med dette vil eg ynskje alle ei god jol og eit godt nytt år med vekst i næringsliv og folketal!

Tor Gunnar Austjord
Prosjektleiar
Omstilling Fyresdal