Dersom Fyresdal kommune skulle oppleve straumutfall over noko lengre tid, og samtidig vere utan telefon- og mobildekning, og du til dømes har behov for å komme i kontakt med nødetatane, kan du møte opp ved Fyresdal pleie- og omsorgssenter på Prærien 23 for å bli satt i vidare kontakt med aktuell nødetat. 

Du kan alternativt forsøke å oppnå kontakt med lokal nødetat via sikringsradio, kanal SIKR 7. 
NB! Dette er ein open kanal som alle kan høyre på, og skal berre brukast i nødstilfelle.