Temaplan for kulturbygg, idrett og friluftsliv 2025-2032
Planutvalet i Fyresdal gjorde 20.11.2024 fylgjande vedtak: Temaplan for kulturbygg, idrett og friluftsliv blir lagt ut på høyring i perioden 01.12.2024-15.01.2025, med høyringsfrist 15.01.2025.
Dette er ein åtteårig temaplan for kulturbygg idrett og friluftsliv. Den består av ein tekstdel, og ein handlingsdel med hovudsatsingsområde og tiltak. Den skal vere eit strategisk plandokument som leggjast til grunn for vidare planlegging innan feltet kulturbygg, idrett og friluftsliv for politikarar og administrasjon i kommunen, men og for lag, organisasjonar og engasjerte innbyggarar. Formålet med planen er å samordne og ha ein heilskapleg tilnærming til arbeid knytt til kulturbygg, idrett og friluftsliv. Planen skal og vere eit verktøy for prioritering, og legg grunnlag for å søkje spelemidlar til kulturbygg, idrett- og friluftsanlegg. I føresegnene til søknadsprosess om spelemidlar er det ein føresetnad at ordinære anlegg må inngå i ein kommunal vedtatt plan. Det må vedtakast eit fireårige prioritert handlingsprogram som skal rullerast kvart år i kommunestyret, dette ligg som vedlegg til planen. Fyresdal kommune har folkehelse som eit gjennomgåande tema i tenester og utviklingsområda. Med dette som utgangspunkt, blir prioritering og anleggsplanlegging i dette feltet særs viktig.
Vi ser fram til konstruktive innspel.
Rullering av kommuneplanen sin arealdel
Plan- og bygningsloven har krav om at alle kommunar skal ha ein plan som viser samanhengen mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk i heile kommunen, dette er kommuneplanen sin arealdel. Gjeldande arealdel for Fyresdal kommune blei vedteken i 2014.
Det er nå behov for ei oppdatering som tar omsyn til utviklinga som har vore dei seinare åra innanfor arealplanlegging og omsynskrav, og som innarbeider nye nasjonale og regionale føringar.