Mesteparten av skogen i Fyresdal veks på middels og låg bonitet.

Skogen i Fyresdal har ei overvekt av furu, ca. 49 %, medan grån utgjer ca. 47 % og lauv ca. 4 %.

Det er ca. 290 eigedomar i Fyresdal med meir enn 25 daa skog, og dei aller fleste av desse er i privat eige. Gjennomsnittseigedomen i Fyresdal er på ca. 900 daa. Skogen produserer ca. 60 000 m3 tømmer årleg, medan det i snitt vert hogge mellom 30 000 og 40 000 m3 i året. I 2020 utgjorde tømmerverdien ein salsverdi på om lag 10 mill. kroner.

Det vert årleg utført avstandsregulering på om lag 3 000 daa og planta om lag 50 000 planter. Dette utgjer årlege investeringar på om lag 1,5 millioner kroner i stell av ungskogen. Eigarskap og drift av skog er underlagt ei rekke lovar og forskrifter, og kommunen ved skogbrukssjefen utgjer skogoppsynet i Fyresdal.

Fyresdal kommune får kvart år tildelt midlar til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK-midlar). Potten varierer frå år til år, og skal i hovudsak gå til produksjonsfremjande tiltak i skogbruket. Tildeling av tilskotsmidlane fylgjer Retningsliner for tildeling av NMSK Fyresdal med heimel i Forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket.

For 2023 kan det søkast om tilskot til:

  • Ungskogpleie/avstandsregulering: 40 %
  • Markberedning: 30 %
I tillegg kan det søkast om tilskot frå statlege midlar, sjå statlege ordningar, Landbruksdirektoratet.

For 2023 er det tilskot til:

  • Tilskot til gjødsling av skog som klimatiltak: inntil 50 % av medgåtte kostnadar
  • Tilskot til tettere skogplanting som klimatiltak: inntil 60 % av medgåtte kostnadar
  • Suppleringsplanting: inntil 40 % av medgåtte kostnadar

Skogfondskonto:

Tilgang til eigen skogfondskonto får du enkelt via denne linken: Din skogfondskonto.

--- --- ---

Ta kontakt med skogbrukssjefen om du har spørsmål om tilskotsordningane.

Aktivt skogbruk

Aktivt skogbruk er eit landsdekkande tilbod med kurs for skogeigarar, skogsarbeidarar og skogsmaskinførarar. Kursa er også aktuelle for andre grupper som nyttar skogbruksredskap, anten i sitt arbeid eller på fritida.

Aktivt skogbruk tilbyr eit bredt spekter av kurstyper med ulik varigheit, der kurs tilpassast deltakaranes behov og ynskje. Kursa arrangerast lokalt, gjerne med innleidd kurshaldar (avhengig av type kurs).

Tak kontakt skogbrukssjef Aslak Momrak-Haugan eller formann i Fyresdal Skogeigarlag for meir informasjon, eventuelt med ynskje og idèar om kurs som bør haldast i Fyresdal.

Skogkurs - aktivt skogbruk

Vernskog

Skog som vern mot klima og naturskader.

Definisjon av vernskog er ”skog som gjev vern mot skred, ras, flaum og liknande eller vern for ana skog, dyrka mark eller busetting”. Det same gjeld skog som har så dårlege foryngingstilhøve eller så liten tilvekst at den kan øydeleggjast ved mishandling eller feilaktig hogst.

Vernskog er ikkje det samme som skogvern (skog verna av omsyn til naturmangfald).

I Forskrift om vernskog, Telemark, finn du mykje nyttig informasjon om kva vernskog er, om kva gradientar vernskogen delast inn i, og korleis ein skal forhalde seg om ein ynskjer å hogge i vernskogen.

I kartportalen Nibio - Kilden kan du zoome inn på ynskja område/gbnr., og legge på kartlaget «Vernskog» i menyen til venstre på skjermen. Då kjem det fram om skogen ligg innom eller utanfor vernskog-grensa.

Forskrift om vernskog, Telemark
Skjema meldepliktig hogst i vernskog

Verneområde

Nasjonalparkar og andre naturvernområde skal sikre sårbare og trua naturtyper, og bevare område av internasjonal, nasjonal og regional verdi. Det er regjeringa og Stortinget som legg rammene for vernet av natur i Noreg.

Miljødirektoratet, fylkesmennene og Sysselmannen på Svalbard har ansvaret for å gjennomføre vernearbeidet med utgangspunkt i naturmangfoldloven og svalbardmiljøloven. Noreg har til saman ca. 3000 verneområde på fastlandet og Svalbard.

Nordre Lia Naturreservat

Oppretta 01.12.2017. Området dekkjer eit areal på 541 daa, og ligg nord for Lifossen og Likleivane. Frå Liefossen går Bispevegen gjennom naturreservatet i retning Vitjanshylen og Bispeberga. Føremålet med naturreservatet er å ta vare på eit område som representerer ein bestemt type natur i form av førekomstar av boreonemoral blandingsskog med parti med almlindeskog, gode førekomstar av daud ved i ulike stadium og ein rik karplanteflora. Vidare er føremålet å verne eit område som har særskilt naturvitskapeleg verdi på grunn av førekomst av rein edellauvskog med ask, hassel og alm, eldre ospeholt med grove gadd og læger og fleire truga og sjeldsynte arter av lav og sopp knytt til daud ved.

Grønhovdåsen Naturreservat

Oppretta 06.12.2019, og utgjer eit areal på 3.052 daa. Området omfatter eit høgareligjande område med lisider nord og vest for Roan i Fyresdal kommune. Området går rundt Grønhovdåsen og Håvstøylnuten og omfattar og noko areal i Kviteseid kommune. Arealet har forholdsvis variert topografi og omfattar langstrakte vestvendte lisider, nokre bratte sør- og nordvendte skråningar, skrinne høgareliggjande område, furukoller, enkelte bekkedrag i mindre søkk og areal med myr og myrskogsmark. Føremålet med naturreservatet er å taka vare på eit område som har særleg verdi for biologisk mangfald på grunn av førekomst av gamal høgareliggande barskog. Området har særskilt naturvitskapeleg verdi på grunn av liten påverknad, førekomst av daud ved og brannstubbar og sjeldne arter knytt til desse miljøa.

Sandvik Naturreservat

Oppretta 23.06.2020, og dekkjer eit areal på 1.946 daa. Området ligg nord for Napevatn, og strekkjer seg frå vatnet opp til Russfjellet. Føremålet med naturreservatet er å ta vare på eit område som har særleg betyding for biologisk mangfald på grunn av førekomst av gamal låglandsgranskog, mykje furuskog i nedbrytingsfase, førekomst av eldre barskog på høg bonitet og ved at det er leveområde for sjeldne og truga arter knytt til daud ved.

Vikfjell Naturreservat

Oppretta 28.04.1978, omfattar eit areal på 470 daa. Formålet med fredinga er å bevare ein forekomst av almlindeskog som ligg uvanlig høgt over havet og har innslag både av fjellplanter og varmekjære låglandsplanter.

Reservatet som er vegetasjonskartlagt, ligg ca.360-500 moh i lia søraust under Vikfjell, vest for nordenden av Fyresvatn. Bestandet grenser til ein bratt fjellvegg i nordvest, og er elles omgitt av blåbærgranskog. Berggrunnen består av granitt med amfibolittganger. Terrenget i reservatet er bratt og uframkomeleg pga stor stein og blokk, og det er difor lite sannsynlig at det vil bli noko særlig ferdsel i området. Bestandet har ingen spor av menneskelige inngrep, og minner om ein tidlig fase av utskog med forholdsvis lite nedfalne trestammer.

Bestanden utgjør ein av dei aller mest verdifulle edellauvskogsforekomstar på grensa mot fjellforhold. Denne er danna som fylgje av svært gunstige lokalklimatiske og jordbunnsmessige forhold. Vegetasjonstypen er en urørt fjellutforming av alm-lindeskog. Den har lind, hassel, ask og alm i tresjiktet. Undervegetasjonen har innslag av både fjellplanter og varmekjære låglandsplanter, bl.a. myske, kantkonvall, taggbregne, blåveis og fjelldronning.

I 1999 ble det gitt tillating til innsamling av lav for vitskapeleg formål, dette i regi av Skogeierforbundet, Botanisk hage og museum ved Universitetet i Oslo.

Ørnekråheia Naturminne

Oppretta 05.03.1918, omfattar ei gamal furu (også kalla Listøylfurua) med ein diameter på 110 cm og trehøgde på 16,5 m. Verna med omsyn på botanisk verdi. Ørnekråheia Naturminne (Listøylfurua) er no innlemma i "Fugldalen Naturreservat", og den delen av kgl. res av 5. mars 1918 som gjeld freding av Listaulfurua er med det oppheva. I staden er Listøylfurua verna gjennom "Forskrift om vern av Fugldalen Naturreservat, Fyresdal Kommune", sjå kulepunkt nedanfor.

Drangstveiteika Naturminne

Drangstveit Naturminne, oppretta 02.10.1973, omfattar ei gamal eik med ein diameter på 85 cm og trehøgde på 21,0 m. Verna med omsyn på botanisk verdi.

Storsteinfjell Naturreservat

Oppretta 16.12.2005, omfattar eit totaleareal på 9290 daa. Verna med omsyn på områdets nærhet til urørt naturområde med naturskog av furu. 

Fugldalen Naturreservat

Oppretta 16.12.2011, omfattar eit totalareal på 18.330 daa og ligg på vestsida av Øysævatn. Området har ei særskild pedagogisk og naturvitskapleg verdi som eit representativt høgareliggande nordborealt skog- og heiomåde, og er eigenarta i form av stort innslag av gamle grove furutre, grove læger og tørt virke. Området inneheld også Listøylfurua (Ørnekråheia Naturminne) som er omtala ovanfor.

Hærstad Naturreservat

Oppretta 25.01.2013, og omfatta då eit areal på 9.680 daa. Området vart utvida 25.11.2016 og har no eit totalareal på 12.120 daa. Området strekkjer seg frå Hærstad i sør, til Homvatn og Grunnvatn i nordvest, mot grensa til Tokke kommune. Naturreservatet omfattar også toppen av Berfjell. Føremålet med vernet er i fyste rekkje å take vare på eit stor og samanhengande område med lite påverka og urørd granskog. Området inneheld rikare sørberg og område med rasmark med element av lågurtgranskog, rik boreal lauvskog og opne rasmarkparti med lågurt- og høgstaudeflora opp mot 900 moh. Kjerneområde inneheld særs grovvoksen og urørd blåbærgranskog, og er verdt eit besøk.

Brårfjell Naturreservat

Oppretta 11.12.2015, dekkjer eit totalareal på ca. 584 daa, og ligg vest for Bondalsvatn i Kleivgrend. Føremålet med vernet er å ta vare på eit skogområde som har særleg verdi for biologisk mangfald grunna førekomst av rik edellauvskog og ein rik flora. Området har særskild naturvitenskapleg verdi grunna førekomst av sjeldsynte skogtypar som alm-lindeskog og lågurtskog, og mange sjeldsynte og truga artar av karplanter, mose, sopp og lav.

Krålen Naturreservat

Oppretta 10.06.2016 dekkjer eit totalareal på ca. 702 daa, og ligg vest for Skredevatn i Hauggrend. Føremålet med naturreservatet er å take vare på eit skogområde som har særleg verdi for biologisk mangfald grunna førekomst av gamal barskog med daud ved og rik bakkevegetasjon. Området har særleg naturvitenskapeleg verdi grunna førekomst av den svært sjeldne og truga arten lappkjuke, og andre sjeldsynte og truga artar av vedbuande sopp. Det er ei målsetting å halde på verneverdiane i mest mogleg urørt tilstand, og eventuelt vidareutvikle dei.

Mosnapp Naturreservat

Oppretta 20.12.2023. Naturreservatet dekkjer eit totalareal på ca. 3543 daa, og ligg nord for Sundsvatn i Fjellgardane. Føremålet med vernet er å ta vare på eit område som representerer ein bestemt type natur i form av eldre granskog med innslag av lågurt-granskog og eldre furuskog med til dels brannpåverka parti og mykje død ved. Det er ei målsetjing å behalde verneverdiane i mest mogleg urørd tilstand, og eventuelt vidareutvikle dei.

Miljøverndirektoratet - verneområde