Er kvardagen krevjande? Strever du med tunge og triste tankar? Føler du deg nedstemt? Står du i ei livskrise? Opplever du at stress, uro, søvnvanskar og bekymringar overveldar deg eller gjer det vanskeleg å fungere? Hos oss kan du få hjelp utan lang ventetid, slik at problema ikkje utviklar seg.

Kven kan nytte seg av tilbodet?

Rask psykisk helsehjelp er eit lågterskeltilbod til deg over 16 år busett i Vest-Telemark, med symptom på mild til moderat depresjon, angst, søvnvanskar og begynnande rusproblem. Tilbodet er gratis. Du tar sjølv kontakt, utan henvisning frå fastlege. Tilbodet bygger på kognitiv terapi, som er ein godt dokumentera behandlingsmetode for psykiske vanskar. For å ha god nytte av tilbodet er det viktig med eigeninnsats mellom behandlingstimane. 

Vi er ingen akutteneste. Ved behov for akutt hjelp må du kontakte fastlegen din, legevakta 116 117, eller ambulanse 113. Vi har som helsepersonell plikt til å føre journal når du mottar helsehjelp.

Til deg som er i målgruppa tilbyr vi:

Illustrasjonsfoto tilbod innanfor RPH
Illustrasjonsfoto: Tilbod innanfor RPH

Dei fleste vil få tilbod om kurs eller Assistert Selvhjelp. Nokon kan i tillegg ha behov for kortvarig behandling i gruppe eller individuelt. Saman bestemmer vi kva for tilbod som vil passe deg. Ta gjerne kontakt for å høyre om dette kan vere eit tilbod for deg.

Kven er vi?

Rask psykisk helsehjelp er eit tverrfaglig samansett team i Vest-Telemark med brei og god kompetanse. Alle har lang erfaring med å jobbe med psykiske helseutfordringar i kommune- og spesialisthelsetenesta. Alle tilsette har vidareutdanning i psykisk helse/rus og kognitiv terapi.

Tilsette i teamet:   

  • Eva Margrethe Ellingsen – sosionom/fagleiar/kognitiv terapeut
  • Anne Lise Storkaas Forberg – sjukepleiar/kognitiv terapeut
  • Toril Aasmundstad – sjukepleiar/kognitiv terapeut
  • Ingunn M.D. Birkeland – sjukepleiar/kognitiv terapeut
  • Marika Alva Bjørge – psykolog/kognitiv terapeut

Kontakt oss på:

  • Telefon/sms: 90 67 01 30 – telefontid tysdag-torsdag kl. 12.00-14.00
  • Mail: rph@vest-telemark.no (ikkje skriv sensitiv informasjon i e-post)
  • Adresse: Brøløsvegen 47, andre etasje, 3840 Seljord
  • Kontoradressa vår er i Seljord, men vi disponerer kontor i alle kommunane i Vest-Telemark

Undervisningsbasera kurs

«ER DET BERRE MEG?»

Livet skjer med oss alle og det påverkar oss på ulike måtar! Stress, bekymring, grubletankar, vonde kjensler, irritasjon, søvnvanskar, muskelsmerter, fråvær av glede, sjølvkritiske tankar med meir. Det er fort å tenkje at det er berre eg som slit med vanskelege tankar og kjensler. Men, me har alle ei psykisk helse!

På kurset vil du lære om ulike måtar å meistre utfordringar på, og du vil og få gode verktøy for å jobbe vidare på eigehand - for å kunne bli din eigen terapeut. 

Samling 1: TANKEKLUSS 
- du vil får ei innføring i kva tankar, grubling og bekymring er, og ulike verktøy for å handtere dette

Samling 2: KLUMP I MAGEN 
- du vil få ei innføring i kva kjensler er, kva kjensler me har, kva funksjonar dei har, stressrespons og korleis me kan handtere og tole vanskelege kjensler

Samling 3: EG KAN 
- du vil få ei innføring i kva sjølvkjensle er, kva som kan styrkje og svekkje sjølvkjensla, forskjell på sjølvkjensle og sjølvtillit, og korleis sjølvkritikk påverkar oss

Ta kontakt for meir informasjon om kurset, varigheit, tidspunkt for oppstart – og påmelding. Kurset er gratis!