Kommunen sitt slagord er "Gjer draumen levande", og det ser ein att i tilboda til både innbyggarar og tilsette. Saman er vi rause, respektfulle, omtenksame, inkluderande og stolte.
På denne sida vil du finne ledige stillingar i Fyresdal kommune. Velkomen som søkar!
Vi har fått nokre tilbakemeldingar på at skjemautfyllinga kan vere utfordrande (det kan "feile"). Ei forklaring kan vere utfyllars utstyr (pc og nettverk). Vi rår søkarar til å bruke stabilt utstyr. Vi rår også utfyllar til å bruke nettlesarar som Edge, Safari, Firefox eller Chrome (ikkje Explorer). Det er også mogleg å lagre undervegs i utfyllinga. Du vil då få oppgitt eit referansenummer som du legg til når du skal logge inn att for å fullføre utfyllinga.
