Gimle skule er ein 1-10-skule med 168 elevar per 01.04.2023. 

Skulen ligg midt i Fyresdal sentrum, i nærleiken av helsehus, barnehage, bibliotek, symjehall og samfunnshus. Midt i smørauga, med andre ord! Her er også kort veg til sentrum med butikkar, bygdemuseum og næringsliv. Skulen er lys og triveleg og godt utstyrt.

Uteområdet har skatebane, leikeapparat, ulike fotballbanar og mange tre og buskar. Dette er eit uteområde som stimulerer til høg aktivitet og trivsel. Rett rundt skulen er Hamaren Aktivitetspark, eit flott friluftsområde tilrettelagt for både vandring, sykkel og leik i direkte tilknyting. 

Vi er også ein fleirkulturell skule med både elevar og tilsette frå mange ulike land og kulturar. Tilpassa opplæring står sentralt. 

Etter skuletid er det SFO og kulturskulen som overtek skulebygget og uteområdet.

Kontakt oss

Rektor Anders Bergsland
Telefon 35 06 71 94
E-post anders.bergsland@fyresdal.kommune.no  

Inspektør Kim Beck-Gundersen
Telefon 35 06 71 78
E-post kim.beck.gundersen@fyresdal.kommune.no 

Konsulent oppvekstkontoret
Solveig Johre Rustand 
Telefon 35 06 71 76
E-post solveig.rustand@fyresdal.kommune.no 

Rådgjevar
Tone Austjord
Telefon 35 06 71 73 / 35 06 71 74
E-post tone.austjord@fyresdal.kommune.no 

Sosiallærar
Annette Gustavsson
Telefon 35 06 71 73
E-post annette.gustavson@fyresdal.kommune.no 

Skuledagen - økter og friminutt

1. økt  kl. 08.20-09.05
 2. økt  kl. 09.05-09.50
Friminutt  kl. 09.50-10.00
 3. økt  kl. 10.00-10.45
 Friminutt  kl. 10.45-11.25
 4. økt  kl. 11.25-12.10
 5. økt  kl. 12.10-12.55
 Friminutt  kl. 12.55-13.10
 6. økt  kl. 13.10-13.55

Innskriving i skulen

Melding om innskriving i skulen fyllast ut på elektronisk skjema innan 15. mars det året dei skal begynne på skulen.

Alle nye 1. klassingar vil bli inviterte til ein dag på skulen. Elevane vil få brev frå skulen om dette. 

Trivselsreglar

Trivselsreglane gjeld på skulevegen, i skuletida, på SFO og ved alle arrangement i skulen sin regi. 

1. Gimle skule er plassen kor elevar og vaksne trivast og er trygge
2. Vi syner respekt for alle på skulen
3. Vi tek ansvar for miljøet på skulen vår
4. Vi er mot andre slik vi vil andre skal vere mot oss
5. Vi er høflege og greie mot kvarandre
6. Vi tek vare på tinga og bygningane, vår felles eigedom
7. Vi er forsiktige så vi ikkje skadar oss sjølv eller andre
8. Vi har ikkje med våpen eller farlege gjenstandar på skulen
9. Vi har ein mobilfri skule
10. Vi er ein røyk-, snus- og rusfri skule
11. Godteri og brus er lov etter avtale med lærar
12. Vi held oss innan skulen område
13. Gimle skule har inne- og uteordning for elevane

--- --- ---

6. Vi tek vare på tinga og bygningane

a. Dersom ein elev øydelegg noko på skulen med vilje eller med grov aktløyse, må han/ho betale kostnadane – likevel ikkje meir enn kr 5 000,- (jf. skadeerstatningslova § 1-2).
b. Om ein elev kastar bort ei lærebok, kan skulen krevje full erstatning etter nypris (jf. skadeerstatningslova § 1-2).

7. Vi er forsiktige så vi ikkje skadar oss sjølv eller andre

a. Det er tillatt å bruke rulleskeiser, rullebrett, sparkesykkel, spark og sykkel på tildela område.
b. All aktivitet på hjul/skeiser i skuletida skal skje med hjelm på.
c. Syklane skal parkerast ved lærarinngangen eller framfor symjehallen.
d. Snøballkasting er berre lov mot merka blink.

Brot på reglane fører til:

  • Munnleg beskjed.
  • Merknad og/eller melding heim.
  • Eleven blir kalla inn til ei samtale med stegleiar eller rektor.
  • Nedsett åtferdskarakter (gjeld ungdomssteg).
  • Ved grove eller gjentekne brot på regelen kan eleven bli vist bort frå skulen (opplæringslova §§ 2-10 og 3-8).

8. Vi har ikkje med våpen eller farlege gjenstandar på skulen

Brot på reglane fører til:

  • Melding heim. 
  • Politiet vert eventuelt kontakta. Forholdet skal etter § 352 A i straffeloven meldast til politiet.

9. Vi har ein mobilfri skule

Brot på reglane fører til:

  • Merknad og/eller melding heim.
  • Ved bruk av mobiltelefon eller anna elektronisk utstyr, kan lærar inndra dette. 
  • Telefonen eller anna elektronisk utstyr kan hentast av eleven på rektor sitt kontor ved skuleslutt same dag.

10. Vi er ein røyk-, snus- og rusfri skule

Brot på reglane fører til:

  • Merknad.
  • Telefon heim.
  • Eleven bli kalla inn til ei samtale med helsepersonell.
  • Nedsett ordenskarakter (gjeld ungdomssteg).

11. Godteri og brus er lov etter avtale med lærar

Brot på reglane fører til:

  • Merknad og/eller melding heim.
  • Inndraging av brus og godteri.

12. Vi held oss innan skulens område

a. Skulens område er bort til samfunnshuset synleg frå skulen.
b. Rundt fotballbanen avgrensar gjerdet skulen sitt område.

Brot på reglane fører til:

  • Munnleg beskjed.
  • Merknad og/eller melding heim.

13. Gimle skule har inne- og uteordning for elevane

a. Barneskulen: Barneskuleelevane skal ut i friminutta. I matfri kan dei vere inne til midt i matfri. Stegleiarar kan gje dispensasjon frå uteplikta i særskilte høve. 
b. Ungdomsskulen: Ungdomsskuleelevane kan velje om dei vil vere ute eller inne. Dei kan vere i ungdomsskulen, kantina og trappegangen ned. 

Brot på reglane fører til:

  • Munnleg beskjed.
  • Merknad og/eller melding heim.
  • Eleven blir kalla inn til ei samtale med stegleiar eller rektor. 
  • Utestenging over kortare eller lengre periode. 
  • Nedsett åtferdskarakter.