Køyr FV 355 til Basthommen, vegen over Våmur på det høgaste. Parker ved den breie elva. Gå riksvegen 200 m. mot syd til det høgste punktet. Gå rett opp berga, forbi ei hytte og fylg stigen vidare mot toppen.  

Når ein kjem opp på fjellryggen fylgjer ein denne til toppen. Ned att er det finast å gå ned i dalen mot nord, og opp på neste topp. Her ser ein rett ned i Basthomdalen. Fylg fjellryggen nedover til ein kryssar den gamle ”Valebjørgsvegen”, merka blått. Fylg denne vegen ned til høgre eit par hundre meter, og tak til venstre ved skilt. Hugs å skrive namnet ditt i boka!

Lengde og terreng:

  • Total lengde: 5 km
  • Stigning: 300 m
  • Terreng: Kort, delvis krevande kveldstur
  • Gangtid: 2 timar

Sjå ut.no for kart