Hamaren og Tretoppvegen
Hamaren Aktivitetspark stod ferdig våren 2017 (lenke = film frå opninga), og den har blitt eit eldorado for alle aldersgrupper! Parken har turvegar som er universelt utforma og mange ulike aktivitetstilbod: Sykkelløype, tretopptrampoline, klatrepark, utekjøkken, gapahukar, bålplassar, badeplatting, grillhytte, natursti, klatreelement i stål og tre (Bjørnen og Reven), og ei spektakulær gangbru rundt Hamarens sørlegaste punkt.
For å auke verdiskapinga og få endå fleire tilreisande er aktivitetstilbodet nå utvida med ein spektakulær tretoppveg! Tretoppvegen er bygd i eit inkluderande design (for å møte behova til størst mogleg antal menneske). Tretoppvegen er ca. 1 km lang og 2 meter brei, og den er universelt utforma. På toppen endar vegen i ein utsiktssirkel på 45 meter i diameter - her kan du nyte utsikten over Fyresvatn frå 15 meter over bakken! Tretoppvegen fylgjer konturane i landskapet, og hentar høgde frå landskapet for å gjere stigninga mest mogleg universell. Tretoppvegen hadde offisiell opning 02.06.2023.
Her ser du illustrasjonar av Tretoppvegen (designa av EFFEKT arkitekter):
Klikk deg inn på Hamaren si side på Facebook for å sjå bilete frå Hamaren og Tretoppvegen!
NB. Av omsyn til tryggleik er all bruk av sykkel, el-sykkel, moped, MC og sparkesykkel (vanleg og elektrisk) forbode i Tretoppvegen.
Rasteplassar, sykkelløype, overnatting, SUP, trampoline, klatring m.m.
Universelt utforma turveg
Utgangspunktet for den universelle turvegen er på nordsida av Gimle skule. Vegen går nordover mot Grunnviksbukta, før den svingar attende og fylgjer vasskanten sørover med flott utsikt ut over Fyresvatn. Vidare gjeng ein sørover langs vasskanten, ca. 500 meter, før ein kjem inn på ei trebru konstruert som ei tømmerrenne til minne om fløytingstida i Fyresdal. Vegen går så vidare på ei spektakulær gangbru rundt Hamarens sørlegaste punkt, før den igjen går over i ei tømmerrenne i retning Munkhola. Herifrå kan ein velje om ein vil gå i retning Sauekro mot Fyresdal Næringshage og bryggjeparken, eller om ein vil gå nordover forbi Klokkargarden og attende til utgangspunktet. Langs vegen vil ein finne bord og benkar tilrettelagt for ein hyggeleg rast. Heile turvegen er universelt utforma og passar for alle brukargrupper.
Total lengde, med Tretoppvegen: Ca. 3,5 km. Terreng: Lett. Gangtid, med Tretoppvegen: Ca. 1,5 time. I tillegg til rundløypa er det mange stiar på kryss og tvers i Hamaren. Turvegen til Klokkarhamaren, den høgaste toppen i Hamaren (343 moh), er grusa. Dei mest bruka stiane er skilta og merka av på kartet.
Rasteplassar
Undervegs kan du nyte nista eller lage din eigen mat i grillhytta eller i utekjøkkenet. Nyklar til grillhytta kan lånast på sentralbordet til Fyresdal kommune. Du kan og bruke bålplassen på toppen, Klokkarhamaren. Du finn eit lite vedlager like ved. Elles er det fleire fine plassar å stoppe for å ta ein rast og ete niste, eller berre kvile og nyte utsikten.
Sykkelløype
Midt i hjartet av Hamaren ligg ei flott sykkelløype bygd av Bike Solutions frå Frankrike. Løypa er retningsstyrt, du syklar opp ein veg og ned ein annan. Løypa er skilta og det er viktig at alle fylgjer skiltinga. Løypa passar for alle og er gradert som ei blå løype. Frå den blå løypa går det ein avstikkar som er gradert som raud løype.
Dette er ein nedfart som er for dei med litt meir erfaring. Løypa er bygd av elevar på Gimle skule etter instruksjon frå Bike Solutions. På toppen av sykkelløypa har elevane laga benkar og bord for ein rast.
Overnatting i telt, hengekøye eller gapahuk
Det er tillate å telte i Hamaren, men området utanfor løypene er kuperte og ikkje optimale for teltbruk. Vi anbefalar heller hengekøye i dei mange flotte furutrea som finst i området, eller gapahukane som står på toppen av Hamaren. Dersom du likevel føretrekker å telte, kan du slå opp telt i bryggeparken.
Gratis utlån av SUP-brett
Fyresdal kommune har 4 SUP-brett til gratis utlån. Nøkkel til SUP-bretta får du hos turistinformasjonen i Folkestadgata 3 (i same lokale som Sporten Fyresdal).
Tretopptrampoline
Tretopptrampolinen er montert ca. 3 meter oppe i furutrea og måler 5x5 meter. Den har høge veggar, slik at du kan hoppe og sprette som du vil. Du kan også berre ligge og sjå opp i tretoppane, eller overnatte! Du kjem opp i trampolinen via ein taustige.
Klatreløype
Klatreløypa er levert av Høyt og Lavt, og den har ei utforming som gjer at du kan bruke den utan sikringsutstyr. Her kan du mellom anna klatre i nett, balansere og bruke zipline. Veldig populært for både store og små!
Bjørnen og Reven
Bjørnen og Reven er to heilt unike klatreelement i stål og tre designa og laga av Valebjørg Design. Her kan barna klatre inn i bjørnen (inni finn dei eit lysande hjerte som er fullt av spennande små figurer) og skli på reven.
Natursti
Her i parken kan du lære meir om lokalt dyre- og planteliv, treslag, historie og eventyr gjennom flotte naturstiskilt. Skilta er tilpassa barnehageborn og småskuleelevar, men alle og ein kvar kan lære litt av dei. Plasseringa er på stader som passer til tema, nokre nær turvegen, andre eit stykke ifrå. Langs turvegen og stiane finn du små piler som viser deg vegen. Skilta er laga av elevar ved Gimle skule og omfattar desse tema:
1. Bukkane Bruse
2. Sumpområde
3. Fiskane i Fyresvatn
4. Munkhola
5. Insektshotell
6. Bever
7. Skogen i Fyresdal
8. Hakkespett
9. Maur
10. Treslag
11. Elg
12. Istid
Internasjonal pris til Hamaren Aktivitetspark i 2022
Hamaren Aktivitetspark gjekk heilt til topps då International Design Award gjekk av stabelen på videotenesta Zoom, direkte frå Japan, i januar 2022!
Det var 54 deltakarar frå 9 forskjellige land med i konkuransen, og Hamaren vann tittelen Grand Award, som er den gjævaste prisen. Det er International Association for Universal Design (IAUD) som delar ut prisen. IAUD International Design Award er ei årleg prisutdeling der universell utforming står i høgsetet. Les meir om International Design Award på IAUD si nettside.
Fyresdal kommune delar prisen med Faun Naturforvaltning som har vore prosjektleiar, med arkitekt for fjellbrua, Sør Arkitekter, Byggmester Inge Aamlid som har stått for mykje av utforminga, og Feste Landskap Arkitektur som designa Klokkarhamaren saman med elevar frå Gimle skule. Men prisen delast også med heile Fyresdal! Det er utan tvil innbyggaranes involvering, innsats, bruk – og ikkje minst fantastisk marknadsføring som set oss på kartet! Prisen får vi nettopp for god involvering av innbyggarane i Fyresdal, for tilpassing til alle brukargrupper og for vakkert design. Her kan du lese noko av det IAUD seier om Hamaren:
The jury spoke highly of this project:
Hamaren Activity Park is an excellent example of how to engage the local community and a diversity of user groups and stakeholders in a co-creation process from the start. It emphasises the importance of nature for physical and mental wellbeing, and demonstrates how to make a wild rugged landscape accessible for all. The result is an inclusive park where different needs are met, including those of children, teenagers, older people and people with limited capability, offering a wide range of activities at many levels. The local community’s commitment, ownership and care for the park has also made it an appealing and attractive tourist destination.
Les heile avgjersla og meir om kriteria for nominasjon på IAUD si nettside.
Fleire prominente gjester var i dag til stades for å gratulere kommunen etter prisutdelinga, mellom anna fylkesordførar Terje Riis Johansen, statssekretær Odin Adelsten Aunan Bohmann frå KUD og Kjetil Ostlie frå Visit Telemark.
I 2017 vann Hamaren Aktivitetspark også Design og Arkitektur Norge (DOGA) sin Innovasjonspris for Universell utforming, kategori landskapsarkitektur.
Her kan du sjå DOGA sin film frå 2017: