Tak av FV 355 i Hegglandsgrend mot Husstøyl. Bomavgift etter 2 km. Vidare etter 1 km parkeringsplass.

Gå inn grusvegen mot sør (ved skuterhus). Etter omlag 3 km, i den siste bakken mot det høgaste punktet, tek du til venstre. Det er fint å trille barnevogn hit, men ikkje den siste delen. Fylg vidare blått merke til toppen nokre få hundre meter. Flott utsikt, lett tur. På toppen er det ei stor vêrpil der ein kan sjå vindretninga. Hugs å skrive namnet ditt i boka!

  • Total lengde: 7 km
  • Stigning: 120 m
  • Terreng: Lett tur, liten stigning
  • Gangtid: 2 timar

Sjå ut.no for kart