Tak av FV 355 sør om Momrak og fylg skilting mot Fjone. Vegavgift. Nytt skilt etter 5 km, parker langs vegen. Gå eller sykle til garden Nape, om lag 3 km. Fylg vegen vidare forbi garden, omlag 500 m. Tak til venstre og stigninga mot toppen tek til på blåmerka stig.Toppen er bare 889 moh,men eit særmerkt fjell som mellom anna småflypilotar ofte nyttar når dei flyg mot Fyresdal. Kassa er mura inn i varden. Vegen er merkt med blå farge. Gå same vegen ned att. Ver obs på farlege stup! Hugs å skrive namnet ditt i boka. 

Lengde og terreng:

  • Total lengde: 10 km
  • Stigning: 360 m
  • Terreng: Bratt, middels
  • Gangtid: Frå Nape 3 timar

Sjå ut.no for kart