Bålbrenning er ein del av allemannsretten i Noreg. Det betyr imidlertid ikkje at det alltid er lov å brenne bål, eller at bål kan tennast under alle forhold. Det kan difor vere lurt å sette seg inn i reglane om bålbrenning, og å lære seg korleis ein kan brenne bål på ein trygg måte.

Forbod mot open eld i skogsmark

Det generelle bålforbodet gjeld i perioden 15. april til 15. september. Då er det forbode å gjere opp eld i og i nærleiken av skog og annen utmark, dette gjeld også bruk av eingongsgrill og bålpanne.

Det er tillatt å gjere opp eld der det åpenbart ikkje kan medføre brann. Med «åpenbart ikkje medføre brann» meinast t.d. at det ligg snø på bakken eller at det har vore mykje nedbør over lang tid. Vi gjer merksam på at du tenner på på eige ansvar og kan stillast til ansvar dersom bålet kjem ut av kontroll. Er du usikker på om det er trygt å tenne bål, så bør du la det vere!

Forbodet gjeld ikkje innmark (gårdsplassar, hustomter, dyrka mark, engslått, kulturbeite og liknande område), men den generelle regelen om å vere aktsam gjeld sjølvsagt her også.

Dersom brannfaren er spesielt stor (t.d. ved fare for skogbrann), kan kommunen innføre forbod mot bruk av eld i bestemte område.

Reglane om bålbrenning blir styrt av Forskrift om brannforebygging § 3.

Skal du brenne bråte/bål? 

Meld ifrå til 110-sentralen i Tønsberg på førehand - på servicenummer 33 31 41 10.

Bruk servicenummeret til ikkje-tidskritiske førespurnader og for testing av alarmoverføring på brannalarmanlegg.

Ring 110 ved brann eller ulykke!