Kvifor ta jodtablettar?

Ved ei atomulykke kan radioaktivt jod bli spreidd via lufta og bli tatt opp i skjoldbruskkjertelen når ein pustar inn forureina luft og/eller tar til seg forureina mat og drikke. Tilskot av naturleg jod blokkerer opptaket av radioaktivt jod i skjoldbruskkjertelen og reduserer risikoen for å få kreft i skjoldbruskkjertelen. Jodtablettar beskyttar berre mot radioaktivt jod, og ikkje mot andre radioaktive stoff. 

Råd om å ta tablettane vil ofte bli gitt saman med råd om å opphalde seg innandørs i opptil 2 døgn. Det er derfor viktig å ha tablettane lagra heime.

Når skal ein ta tablettane?

Tablettane skal berre takast etter råd frå myndigheitene!

I tilfelle ei atomulykke vil råd bli gitt gjennom media, relevante myndigheiter, Direktoratet for strålevern og atomtryggleik og helsenorge.no.

Kven skal ta jodtablettar?

Det er spesielt viktig at barn og unge under 18 år, gravide og ammande tar tablettane fordi dei har størst risiko for å få kreft i skjoldbruskkjertelen etter å ha blitt utsette for radioaktivt jod. Det kan i heilt særskilde situasjonar også vere aktuelt med tablettar for vaksne mellom 18 og 40 år. Dei over 40 år har svært liten risiko for å få kreft i skjoldbruskkjertelen, og treng ikkje ta jodtablettar. Personar som har operert bort skjoldbruskkjertelen, treng ikkje å ta jodtablettar.

Myndigheitene vil gi meir råd om kva for grupper av befolkninga som skal ta tablettane ved ei atomulykke.

Kor mykje skal ein ta?

Følg doseringa på pakninga og i pakningsvedlegget, og følg råd frå myndigheitene.

Bruk ikkje jodtablettar dersom ...

  • Du er allergisk overfor kaliumjodid eller nokon av dei andre innhaldsstoffa i legemiddelet (lista opp i pakningsvedlegget).
  • Du har betennelse i skjoldbruskkjertelen (thyreoiditt).
  • Du har forstyrringar i skjoldbruskkjertelfunksjonen. 
  • Du har dermatitis herpetiformis (Duhrings sjukdom).