Sokneråd og fellesråd

Fyresdal sokneråd er både sokneråd og fellesråd, og rådet handsamar difor både kyrkjelydssaker og saker som har med bygningane og gravplassane å gjere. Fyresdal sokneråd har eige reglement for delegering av oppgåver frå soknerådet til leiar, kyrkjeverje og arbeidsutval. I arbeidsutvalet sit leiar, nestleiar og sokneprest. Kyrkjeverja er sekretær for utvalet.

I tillegg har soknerådet eit kyrkjeleg administrasjonsutval, som er eit partsamansett utval og er eit fagorgan for soknerådet i ulike saker. I kyrkjeleg administrasjonsutval sit 2 medlemer frå soknerådet og 1 medlem frå arbeidstakarane. Kyrkjeverja er sekretær for utvalet. I tillegg har soknerådet oppnemnt eit gravplassutval som kan hjelpe til med å vurdere kva som bør / skal gjerast på gravplassen. Når det gjeld kyrkjelydsarbeid så har soknerådet delegert oppgåver til diakoniutval, trusopplæringsutval og gudstenesteutval. Utvala er med på planlegging og gjennomføring av aktivitetar saman med staben i kyrkja. I kvart utval sit representantar frå soknerådet saman med andre friviljuge.

Kyrkjeleg administrasjonsutval

  • Inger Olaug Angell, leiar
  • Gunlag B. Kiland, nestleiar
  • Soknepresten
  • Torhild Sølyst, varamedlem
  • Freddy Brander, representant for dei tilsette
  • Ingebret Gaaren, vararepresentant

Diakoniutvalet

  • Torhild Sølyst
  • Gunnar Birger Grunnvik
  • Torhild Moen
  • Soknepresten
  • Else Berit Mandt Gaaren

Trusopplæringsutvalet

  • Berthe Tysvær Hegglid
  • Annlaug Bergland
  • Kari-Anne Noraberg
  • Ingunn Lauvrak
  • Sigrun Rørdal Rekvik
  • Soknepresten
  • Else Berit Mandt Gaaren

Gudstenesteutvalet

  • Gunlaug B. Kiland
  • Else Berit Mandt Gaaren
  • Freddy Brander
  • Soknepresten

Kyrkjegardsutvalet

  • Åse Breiland
  • Einar Mikkelsen
  • Kyrkjetenar
  • Kyrkjeverje