Frivilligsentral
Fyresdal frivilligsentral ligg under avdeling helse, er lokalisert i Folkestadbyen og held ope måndag, onsdag og fredag.
Sigrun Rekvik er koordinator. Ho er å er å treffe på 94 87 36 40 onsdagar og fredagar kl. 08.00-15.30.
Måndagar er det måndagskafeen som har tilhald på sentralen. Onsdagar er det ope hus med dart og bingo. Fredagar er det dagtilbod for heimebuande eldre. I tillegg er det mogleg å låne utstyr onsdagar og fredagar.
Har du lyst til å kome får du samvær med andre, kosleg prat, kaffe med litt å bite i, moglegheit for å bestille lunsj (fredagar) og ete saman med andre. Vi spelar ulike typer brettspel, kortspel, dart, høgtlesning frå td. aviser, og ikkje minst bingo. Vi har også turar i Øyskogen, på biblioteket og elles i nærområdet.
Vi treng stadig fleire frivillige!
Frivillige som kan bidra med til dømes transport, hjelpe til gjennom dagen med dei aktivitetane ein ynskjer å ha, samt bidra til at frivilligsentralen er ein god møtestad. Er dette noko for deg, ta kontakt med Sigrun på telefon 94 87 36 40, helst på onsdag eller fredag mellom kl. 08.00 og 15.30.
Fysioterapi
Fysioterapi ligg under avdeling helse, er lokalisert i underetasjen på pleie- og omsorgssentertet og held ope måndag-fredag kl. 09.00-16.00.
Du kan ta direkte kontakt med fysioterapiavdelinga; du treng ikkje tilvising frå lege.
Arbeidsoppgåvene til fysioterapeuten:
- Helsestasjon, barnehage og skulehelseteneste.
- Opptrening og behandling av bebuarar på POS og brukarar i heimen/heimebesøk.
- Opptrening og behandling etter operasjon, sjukdom og skade, samt smerteproblematikk.
- Treningsgrupper: Brukarar på POS og heimebuande, seniortrim, gravid- og barseltrening. For pasientar i behandling/opptrening: Styrke- og balansegruppe, bevegelsesgruppe.
- Hjelpemiddelformidling i samarbeid med vaktmester/hjelpemiddelteknikar.
Frisklivstrening på fysioterapiavdelinga:
Måndagsgruppa/herretrim
Måndagar kl. 13.15 på fysioteraoiavdelinga. Styrke, stabilitet, balanse og kondisjonstrening; 45 minutt leia av fysioterapeut. Treninga er gratis og open for alle. Oppstart måndag 5. september – treng ikkje påmelding.
Barsel-/gravidtrening
Tysdagar kl. 12 på fysioterapiavdelinga; 45 minutt leia av fysioterapeut. Fokus på kjernemuskulatur og bekkenbunn, men også styrke, stabiltet og balanse. Hyggeleg og nyttig aktivitet for mor og barn og den gravide. Individuell tilpassing og vurdering. Oppstart tysdag 6. september. Påmelding på telefon 952 17 971.
Tysdagsgruppa/damertrim
Tysdagar kl. 13.15 på fysioterapiavdelinga. Styrke, stabilitet, balanse og kondisjonstrening; 45 minutt leia av fysioterapeut. Treninga er gratis og open for alle. Oppstart tysdag 6. september – treng ikkje påmelding.
Velkomen på trening!