Tak av FV 355 på Veum, inn mot Fjellgardane. Etter 3-4 km, etter fyrste fartsdempar på Spokkeli, tek ein opp til høgre. Parkering 200 m nord for Hærstadgardane. Fylg blå merking langs grusveg om lag 800 meter og ta til høgre ved skilt. Stigen går opp Pålsskot langs elva og kryssar denne ved Svarttrast. Fylg stigen vidare mot Berrfjell i nordleg retning. Etter ei hard stigning er det lett terreng langs fjellryggen ca. 700 meter til varden. Utsikta på toppen er enorm. Gaustatoppen i nordaust, Vehuskjerringa mot Vinje og Skorve/Lifjell i aust. Flott skitur om vinteren. Hugs å skrive namnet ditt i boka.
  • Total lengde: 10 km
  • Stigning: 480 m
  • Terreng: Middels/lett
  • Gangtid: 4 timar

Sjå ut.no for kart