Eit krav om til dømes betaling av gjeld kan fremjast for forliksrådet for å oppnå ei minneleg løysing eller å få fastslått ved dom at kravet er rettsgyldig. Både forlik og dom i forliksrådet har rettsverknad, og kan verta tvangsfullbyrda av namsmannen.

Alle kommunar har forliksråd. Forliksrådet er sett saman av tre lekfolk og like mange varamedlemmer. Dei vert valde mellom innbyggjarane i kommunen for fire år av gongen. 

Leiar i forliksrådet i Fyresdal er Ole Roer.

Møtefullmektige i Fyresdal forliksråd i perioden 2021-2025 er:

  • Ruth Krossli
  • Lars Erik Gangsei 
  • Olav Inge Nordbø

Forliksrådet har sekretær som står for ekspedisjon og sakshandsaming. Forlikskrådssekretærfunksjonen er lagt til lensmannen i Vinje.