Kommunen planlegg for å kunne handtere kriser og ulike hendingar på ein best mogleg måte. Kommunen skal sørge for innbyggjaranes tryggleik, ha planar for at samfunnsviktige funksjonar ikkje stoppar opp under ei krise, verne om miljø og kulturverdiar og hindre øydelegging av økonomiske og materielle verdiar.

Dersom større hendingar inntreff i kommunen vil kommunens beredskapsleiing bli samla. Ulike hendingar kan vere straumstans over lengre tid, smittsame sjukdomar eller ekstremvêr.

Oppgåvene til kommunen i ein krisesituasjon er avhengig av type krise og kven som har hovudansvaret i krisa. Som regel vil det vere politiet som har det overordna ansvaret. Kommunen vil kunne vere ei støtte og bistå med ressursar og kompetanse, i tillegg til å ta hand om eiga verksemd. I visse krisesituasjonar knytt til kommunens eiga verksemd vil kommunen ha eit hovudansvar.

Kommunedirektøren er kommunens øverste ansvarlege for beredskapen i kommunen og leiar av kommunens beredskapsleiing. Det daglege beredskapsarbeidet er tildelt ein beredskapskoordinator. 

Beredskapskoordinator i Fyresdal kommune er kommunalsjef plan og teknikk, Halvor Homme.