Kulturskulen er eit musikk- og kulturfagleg tilbod, og fungerer som eit lokalt ressurssenter innan faga. Vi samarbeider med skule og barnehage. 

Vi praktiserer løpande opptak, så lenge det er ledige plassar. Vi prioriterer elevar innan alderen 6-18 år, og eit individuelt tilbod til kvar elev. Vi tar inn vaksne søkjarar dersom lærar har kapasitet til dette.  

Alle må søkje på nye tilbod i kulturskulen via elektronisk søknadsskjema.

Vi har fylgjande tilbod i Fyresdal kulturskule:

Individuell undervisning innan musikk:

  • Akustisk gitar
  • Elektrisk gitar
  • Bass
  • Slagverk
  • Piano
  • Keyboard
  • Song
  • Tverrfløyte
  • Hardingfele - nytt tilbod hausten 2020!

Gruppeopplæring:

  • Dans
  • Kunst og handverk
  • Band
  • Slagverk
  • Song
  • Gitar og ukulele i smågrupper
  • Korps
Ein kan leige instrument for kr 200,- per halvår. Dette vert fakturert 2 gonger i året.

Kulturnykel

Den kulturelle skulesekken og beremeisen

Kulturnykelen:

  • Den lokale utviklingsplanen for ulike tiltak innan kulturfeltet i Fyresdal; inneheld ein oversikt over satsingsområda i alderen 0-16 år.
  • Den kulturelle skulesekken og beremeisen (DKS) skal gje alle born og ungdom profesjonelle opplevingar innan kulturfeltet. 
  • Dei fleste tilboda vert arrangert i skuletida. 
  • Fyresdal får eit fylkeskommunalt tiltak som heiter kulturskatten – til elevane i grunnskulen. 
  • For born under skulealder kjem vår lokale plan inn – Kulturnykelen. Planen vert rullert og administrert av kulturavdelinga.

Besøk Den kulturelle skolesekken på nett