Tak av FV 355 ved flyplassen mot Birtedalen. Tak til høgre etter brua. Fylg skilting og parker langs vegen. Fylg blåmerka stig ved informasjonstavla. Bratt, fin gangstig med flott utsikt heile vegen. Undervegs finn ein eit stort biologisk mangfald og mektig utsyn over Fyresdal sentrum og nordre delen av Fyresvatn. På veg opp bør ein ta vegen om det gamle småbruket Skoret. Her var det fast busetjing fram til 1880-åra, men det er dokumentert som øydegard i 1686. Her finn ein ei open varmestove som kan nyttast til rast eller ly for uvêr. Ved utkikkspunktet ved Skoret er det bord og benkar og bok å skrive i.

  • Terreng: Bratt stig
  • Gangtid: 1-1,5 timar

Sjå ut.no for kart