Idrettshall
Nokre fakta om Førsdalshallen:
- Hallen er kledd i malmfuru. Denne kledninga skal stå ubehandla og gråne naturleg.
- Golvet i hallen er såkalla idrettsgolv med internasjonal standard.
- Banen er merka opp for badminton, basketball, håndball, innebandy og volleyball.
- Mål på bygget: 25 x 45 meter.
- Areal i hallen: 1126 m2.
- Total brutto areal: 1367 m2.
- Areal på lager: 100 m2.
- Høgde frå golv og til lågaste punkt i tak: 7 meter.
Kanoar
Fyresdal kommune har kanoar til leige. I skuleåret kan desse leigast via Gimle skule. I skuleferien er det vanlegvis turistinformasjonen som har leiga.
Gimle skule
Fyresdalsvegen 2237
3870 Fyresdal
Telefon 35 06 71 76
Lydutstyr
Fyresdal kommune har ein del lydutstyr som ein kan leige. Tak kontakt med lydansvarleg Svein Slyngstad for meir informasjon.
Klubbleiar
Svein Slyngstad
Telefon 35 06 71 31
Mobil 99 22 57 09
Send e-post
Mobil scene
Fyresdal kommune har ei mobil scene til leige.
Ta kontakt med Hilde ved spørsmål om leige:
Hilde Martini Momrak
Telefon 35 06 71 29
Mobil 95 27 09 05
E-post hilde.momrak@fyresdal.kommune.no
Musikkbinge
Musikkbingen er til utlån til alle som ynskjer å øve eller spele saman.
Ein kan reservere tid og få nøkkel til musikkbingen på sentralbordet eller hos Svein på klubben. På onsdag og fredag er musikkbingen reservert klubben, då avtalar brukarane tid og får nøkkel av dei som jobbar på klubben.
Musikkbingen inneheld følgjande utstyr:
- Fullt lydanlegg, bass- og gitarforsterkar, slagverk, elektrisk piano, mikrofonar og stativ.
- Fyresdal ungdomsråd har kjøpt inn ein elektrisk bass og gitar.
Fyresdal musikkbinge er plassert ved samfunnshuset - velkomen som brukar!
Korleis brukar ein lydutstyret:
1. Skru alle volumknappane på miksaren på null.
2. Slå på on-knapp på høgre side bak på miksaren, og på straum-adapter (på bordet).
3. Slå på on-knapp bak på sub (stor høgtalar på golvet).
4. Slå på on-knapp bak på begge toppkassene (høgtalarar på stativ).
5. Koble til kablar.
6. Slå på volum på linjene du skal bruke.
HUGS: høgt volum er skadeleg for hørsel!
NB! ON-knapp på kvar linje skal lyse når den virkar.
NB! Raud liten knapp – merka "st" (nedst på kvar linje) – skal vere nede!
Bruk same prosedyra når du slår av – men i motsett rekkjefølgje!
Dersom noko er i uorden når du kjem, eller du ikkje får det til, ring Svein på 992 25 709.
Reglar for lån av bingen:
Fyresdal musikkbinge er i kommunal eige. Fyresdal kommune driftar og eig bingen og utstyret inni. Det er ikkje lov å nytte røyk, rusmidlar og mat i musikkbingen.
Lån og reservering:
1. Ein kan låne bingen gratis mot å tinge tid.
2. Ein kan tinge tid på sentralbordet, eller hjå avdelingsleiar kultur.
3. Nøkkel må hentast på sentralbordet eller hjå avdelingsleiar kultur.
4. På klubbkveldar (onsdag og fredag) er musikkbingen reservert dei som er på klubben. Desse avtalar direkte med Svein om nøkkel.
Utstyr:
1. Inni bingen er det følgjande utstyr: komplett lydanlegg med miksar, mikrofonar med 2 stativ, keyboard med stativ, bass- og gitarforsterkar, komplett slagverk, kablar, ein gitareffekt.
2. Det står ingen gitar eller bass i bingen. Ein må ha med seg elektrisk bass og elektrisk gitar.
Oppfølging av lån:
1. Det vil bli tatt regelmessige sjekkar av bingen.
2. Dersom noko av utstyret er i uorden, vil dei som sist brukte bingen bli stilt ansvarleg.
3. Bingen skal forlatast låst og i same stand som den var då brukarane kom.
Dersom du kjem til musikkbingen, og den er rotete og utstyret er i uorden, må du snarast melde frå til Svein på 99 22 57 09. Elles kan det vere du som vert stilt ansvarleg!
Lykke til!
Samfunnshus
Samfunnshuset er eit fleirbrukshus i Fyresdal sentrum. Besøksadressa er Fyresdalsvegen 2233.
Huset har storsal (305 ståplassar/216 sitteplassar), veslesal (70 sitteplassar), diskotek og kjøkken. I bygget finn du også biblioteket. Huset er mykje nytta - ein må i regelen tinge plass i god tid.
Brukartid på samfunnshuset - faste tingingar:
- Frist for å søkje om brukartid om hausten er 15. mai
- Frist for å søkje om brukartid om våren er 15. november
Ynskje leverast skriftleg til Fyresdal kommune, Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal eller via postmottak@fyresdal.kommune.no.
Fordelinga av brukartid skal skje etter denne prioriteringa:
1. Kommunale arrangement (ungdomsklubben, skulen, kulturskulen osv.)
2. Arrangement for barn og unge
3. Andre arrangement
4. Ideelle tiltak skal gå framfor kommersielle tiltak
5. Lokale leigetakarar skal gå framfor utabygdes leigetakarar
Brukartid på samfunnshuset - ikkje faste tingingar:
Dersom ein ynskjer å tinge samfunnshuset på ledige dagar eller leige utstyr som stolar og bord, ta kontakt med sentralbordet på kommunehuset på 35 06 71 00.
Husleige for bruk av samfunnshuset:
Desse arrangementa skal få nytte samfunnshuset gratis:
- Tiltak for barn og unge
- Alle arrangement i kommunal regi
- Idrettslag frå Fyresdal; alle tiltak som driv fysisk fostring
Desse arrangementa må betale husleige:
- Tiltak for vaksne som ikkje kjem under førre opplisting
- Alle private arrangement
- Kommersielle tiltak
Reglar og branninstruks:
Leigetakarar for faste tingingar skal få utdelt reglar for bruk av samfunnshus og branninstruks, når tildeling og leigetilhøve med klubbleiar er avtala.
Alle andre leigetakarar får utdelt reglar og branninstruks ved utlevering av nykel.
Toalettvogn
Fyresdal kommune har ei toalettvogn til leige.
Avtale om leige gjer du via sentralbordet på 35 06 71 00.
Henting av nyklar til vogna og signering av leigekontrakt gjer du i sentralbordet.
Dette er prisane inkl. mva.:
- Døgnleige kr 300,-
- Helg (3 døgn) kr 500,-
- Veke kr 800,-
- Til/frå-transport per tur kr 200,- (dersom utført av utleigar)
- Tilkopling til VA kr 200,- (dersom utført av utleigar)