Administrasjonen får jamleg spørsmål om reglar kring fiske med garn, oter og annan reiskap ut over ordinær stong/handsnøre. Fyresdal kommune har laga ein eigen fiskeguide som beskriv generelle og lokale reglar, litt om kva fisk ein kan få i Fyresdal, og tips til reiskap m.m. Fiskeguiden finn ein på nettsida til Fyresdal kommune. Fyresdal er delt inn i soner, der ein kan kjøpe fiskekort for eit eller fleire område, for kortare eller lengre tid. Sonekartet finn ein på nettsida til Fyresdal kommune.

Merk at kjøp av ordinært fiskekort berre gjeld fiske med stong og handsnøre. Ynskjer ein å sete garn, må ein ha eige fiskekort for garnfiske. Fiskekort for garnfiske er berre tilgjengeleg for Skredevatn, Napevatn, delar av Fyresvatn og Drang. Ut over dette krev garnfiske særskild løyve frå grunneigar, dette gjeld også all bruk av t.d. oter.

Du finn mykje nyttig informasjon om fiske på nettsidene til Miljødirektoratet og Norsk Friluftsliv.

Ved spørsmål, ta kontakt med skogbrukssjef Aslak Momrak-Haugan på 35 06 71 19, 95 08 13 25 eller aslak.momrak.haugan@fyresdal.kommune.no