Ordninga med drosjekøyringa «Heim for ein 50-lapp» blei innført i juni 2021. Ordninga har i haust vore til evaluering og behandling i Ungdomsrådet, i Hovudutvalet for oppvekst, kultur og omsorg og i Kommunestyret.

Kommunestyret gjorde fylgjande vedtak i møte 23.11.2023:

Fyresdal kommune legge ned ordninga med drosjekøyringa «Heim for ein 50-lapp», og vurderer å bruke midlane til å sette opp bussar innad i kommunen ved større arrangement. Dette med verknad frå 01.01.2024.

Ordninga «Heim for ein 50-lapp» blir altså lagt ned frå og med 01.01.2024.