Kjære innbyggar i Fyresdal og Vest-Telemark!
 
Vi ynskjer ei reiselivsnæring som gjev positive verknader for lokalsamfunnet vårt og regionen vår. Vest-Telemark skal vere ein god stad å bu og ein god stad å besøke – i dag og i framtida. For å saman få til den utviklinga vi ynskjer, er di meining viktig!
 
Vi håpar du kan sette av nokre minutt til å svare på undersøkinga. Du finn den her. Du kan også skanne QR-koden du ser på biletet for å kome til undersøkinga.
 

Reiselivet i Vest-Telemark arbeider for å kvalifisere seg til merkeordninga “Berekraftig reisemål” for fyrste gong. Som ein del av merkeordninga blir det utført innbyggarundersøking for å kunne få viktig informasjon om innbyggjaren si oppleving av reiselivet i kommunane.

Vest-Telemarkrådet eig prosjektet, og Visit Telemark er prosjektansvarlege. Alle dei seks kommunane i Vest-Telemark (Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje) har fatta vedtak i kommunestyra om å vere ein aktiv bidragsytar for å kvalifisere til “Merket for Berekraftig reisemål”. Styringsgruppa består av representantar frå kommunane, reiselivsnæringa, næringslivet, frivillig sektor og destinasjonsselskap.

Innbyggarundersøking reiseliv 18.01.2024