Jordmorvakta i Seljord

Jordmorvakta er eit bindeledd mellom kommunane og Sykehuset Telemark.

Det er alltid ei jordmor på vakt; telefonnummer 35 02 16 24 (heile døgnet). Du kan ringe jordmorvakta i svangerskapet, ved fødsel og i barseltida. Dette kan for eksempel gjelde blødning i svangerskapet, lite liv, vassavgong, rier, brystbetennelse eller andre spørsmål som ikkje kan vente. Besøksadressa til jordmorvakta i Seljord er Jakob Naadlandsveg 28. Ring alltid før du kjem i tilfelle jordmor er ute på oppdrag.

Skulle du av ei eller anna årsak ikkje få kontakt med jordmorvakta, kan du ringe sentralbordet ved Sykehuset Telemark (35 00 35 00) eller direkte til fødeavdelinga (35 00 47 64). Jordmor i Tokke, Lise Skolås, er også ei av vaktjordmødrene på jordmorvakta.

Oppfylging hjå jordmor på helsestasjon

For oppfylging i svangerskapet tek du kontakt med jordmor på helsestasjonen i kommunen du bur i. Alle dei oppgjevne telefonnummera er til jordmødrene sin arbeidsmobil, og du vil få svar når jordmor er på jobb. Avdelingsleiar for Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark er Helene Mølster Byggland.

Fyresdal kommune Ågot Takle, mobil 904 17 157, Fyresdal helsestasjon, Landstadvegen 35
Kviteseid kommune Merete Kaste, mobil 905 94 651, Kviteseid helsestasjon, Granlivegen, 1A
Seljord kommune Mirjam Thorkildsen Schade, mobil 905 98 106, Seljord helsestasjon, Ingrid Slettensveg 16
Vinje Helene Mølster Byggland, mobil 409 07 794, Vinje helsestasjon, Vinjevegen 192
Jordmorvakta i Seljord Sissel Aardalen Brekke, mobil 994 01 860, Jakob Naadlandsveg 28
 
Oppfylging i svangerskapet er eit tilbod til alle gravide. Jordmor har kompetanse til å ta seg av friske gravide, og henviser til spesialisthelsetenesta ved behov. Partnar er velkomen til å vere med på ein eller fleire konsultasjonar. Me har teieplikt. Tilbodet er gratis. Me bestillar tolk om du har behov for det. Det er ditt valg om du ynskjer å gå til oppfylging hjå jordmor, fastlege eller ein kombinasjon. 
 

På svangerskapskonsultasjonene vil jordmor mellom anna:

  • Fylle ut helsekort for gravide 
  • Kartlegge og rettleie i høve til levevanar og trivsel for mor og barn
  • Rekvirere aktuelle prøver og henvise deg til ultralyd
  • Måle blodtrykk, sjekke urinprøve og måle vekt 
  • Lytte til fosteret sine hjarteslag og måle korleis magen veks
  • Gje informasjon om amming, fødsel og barseltid
  • Tilby erklæring av farskap
Innhaldet i svangerskapskonsultasjonane handlar óg mykje om kva den einskilde har behov for, og me tilpassar tilbodet etter dette så langt det er mogleg.
 
Etter fødsel tilbyr jordmor tidleg heimebesøk, helst innan tre dagar etter at de har kome heim frå sjukehuset, samt vidare oppfylging ved behov. Fleire av jordmødrene tilbyr også prevensjon og etterkontroll.