Fastlege og fritt behandlingsval

Fastlege (der du bur)

Pasientar som har behov for konsultasjon med fastlegen må gjere avtale om time. Det er ikkje mogeleg for fastlegen å gjere ei vurdering per telefon.

Det kan vere hensiktsmessig for pasientar som har fastlege i Fyresdal, men som oppheld seg andre stadar i landet, å bytte til ein fastlege i nærleiken av der ein bur. Dette er særleg viktig for studentar i samband med nye reglar rundt fråvær.

Du må ha fastlege i Fyresdal kommune for å kunne tinge time for konsultasjon. Skulle du ikkje ha fastlege her, men likevel ha behov for akutt hjelp, vil du sjølvsagt få det.

Fritt behandlingsval:

"Fritt behandlingsvalg" erstattar og utvidar fritt sykehusval, og gjev deg rett til å velge kor du skal få behandling.

Snakk med fastlegen din eller ring 23 32 70 00 dersom du ynskjer rettleiing eller råd.

Her finn du meir informasjon om fritt behandlingsval

Legevakt - 116 117

Alle kommunar i Noreg har ei legevaktordning for øyeblikkelig helsehjelp. ​

Når du ringer det sekssifra nummeret 116 117 kjem du i kontakt med legevaktsentralen i området der du oppheld deg.

Det er gratis å ringe. 

Dette kan legevakten gjere for deg:

Legevakt skal tilby hjelp til det som ikkje kan vente når fastlegekontoret ditt er stengt. Legevakten skal også hjelpe deg når du ikkje er i nærleiken av fastlegen din, til dømes dersom du er på ferie eller reise. Dersom du trur det er akutt og står om liv, ringer du medisinsk nødhjelp 113.

Døme på tilstandar der det kan vere fornuftig å ta kontakt med legevakten:

  • Høg feber – særleg hos barn
  • Moderate pustevanskar
  • Akutt sjukdom eller alvorleg forverring
  • Slapt og medtatt barn eller vaksen
  • Alvorleg psykisk sjukdom
  • Mistanke om komplikasjonar i svangerskap
  • Kuttskader som må syast
  • Mistanke om brudd

Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark

Frå 01.01.2018 har jordmortenesta i kommunane Vinje, Seljord, Kviteseid og Fyresdal vore i eit interkommunalt jordmorsamarbeid; Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark. Saman dekker vi oppfylgjing i svangerskapet, fylgjeteneste ved fødsel og oppfylging i barseltida.

Jordmorvakta i Seljord:

Jordmorvakta er eit bindeledd mellom kommunane og Sykehuset Telemark.

Det er alltid ei jordmor på vakt på telefonnummer 35 02 16 24 (heile døgnet). Du kan ringe jordmorvakta i svangerskapet, ved fødsel og i barseltida. Dette kan for eksempel gjelde blødning i svangerskapet, lite liv, vassavgong, rier, brystbetennelse eller andre spørsmål som ikkje kan vente. Besøksadressa til jordmorvakta i Seljord er Jakob Naadlandsveg 28. Ring alltid før du kjem, i tilfelle jordmor er ute på oppdrag.

Skulle du av ei eller annan grunn ikkje få kontakt med jordmorvakta, ring sentralbordet ved Sykehuset Telemark (35 00 35 00) eller direkte til fødeavdelinga (35 00 47 64). Jordmor i Tokke, Lise Skolås, er også ei av vaktjordmødrene på jordmorvakta. 

Oppfylging hos jordmor på helsestasjon:

For oppfylging i svangerskapet tek du kontakt med jordmor på helsestasjonen i kommunen du bur i. Alle dei oppgjevne telefonnumra er til jordmødrene sin arbeidsmobil, og du vil få svar når jordmor er på jobb. Avdelingsleiar for Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark er Helene Mølster Byggland.

Fyresdal kommune -
Kviteseid kommune Merete Kaste, mobil 905 94 651, Kviteseid helsestasjon, Granlivegen 1A
Seljord kommune Mirjam Thorkildsen Schade, mobil 905 98 106, Seljord helsestasjon, Ingrid Slettensveg 16
Vinje kommune Helene Mølster Byggland, mobil 409 07 794, Vinje helsestasjon, Vinjevegen 192
Jordmorvakta i Seljord Sissel Aardalen Brekke, mobil 994 01 860, Jakob Naadlandsveg 28
 
Oppfylgjing i svangerskapet er eit tilbod til alle gravide. Jordmor har kompetanse til å ta seg av friske gravide, og henviser til spesialisthelsetenesta ved behov. Partnar er velkomen til å vere med på ein eller fleire konsultasjonar. Vi har teieplikt. Tilbodet er gratis. Vi ordnar med tolk dersom du har behov for det. Det er ditt val om du ynskjer å gå til oppfylging hos jordmor, fastlege eller ein kombinasjon. 

På svangerskapskonsultasjonene vil jordmor mellom anna:

  • Fylle ut helsekort for gravide 
  • Kartlegge og rettleie i høve til levevanar og trivsel for mor og barn
  • Rekvirere aktuelle prøver og henvise deg til ultralyd
  • Måle blodtrykk, sjekke urinprøve og måle vekt 
  • Lytte til fosteret sine hjarteslag og måle korleis magen veks
  • Gje informasjon om amming, fødsel og barseltid
  • Tilby erklæring av farskap
Innhaldet i svangerskapskonsultasjonane handlar óg mykje om kva den einskilde har behov for, og vi tilpassar tilbodet etter dette så langt det er mogleg.
 
Etter fødsel tilbyr jordmor tidleg heimebesøk, helst innan tre dagar etter at de har kome heim frå sjukehuset, samt vidare oppfylgjing ved behov. Fleire av jordmødrene tilbyr også prevensjon og etterkontroll.

Nyttige lenker til meir informasjon:

Fyresdal tannklinikk

Denne hausten vil det vere tannlege i Fyresdal tre dagar i veka - onsdag, torsdag og fredag.

Prioriterte grupper:

Klinikken prioriterer barn, institusjon/heimesjukepleie og andre prioriterte grupper i fylkeskommunen. Vi tar inn vaksne, betalande pasientar etter kapasitet (følger venteliste over dei som har tatt kontakt med klinikken). Kontakt klinikken for timeavtale eller ved spørsmål.

Treng du akutt hjelp?

Her kan du lese meir om korleis du får akutt tannlegehjelp i helger og høgtider

Blodprøvetaking på legekontoret

Ver merksam på at sjukepleiar ikkje kan ta blodprøver utan at pasient har vore til lege fyrst. 

Unntaka er faste kontrollar som er avtalt med lege, eller dersom pasient har med seg ferdig utfyllt blodprøveskjema frå t.d. sjukehus.

Det kan ikkje takast blodprøver torsdag ettermiddag eller fredag på grunn av postgangen.

Resept og medisinbestilling

Elektronisk resept:

E-reseptar er elektroniske reseptar som fungerer på nøyaktig same måte som ein tradisjonell papirresept, dvs. at ein kan bruke dei for å hente ut reseptbelagte legemiddel frå apotek.

E-reseptordninga er landsdekkande, så du kan hente ut e-resepten din kor som helst i Noreg. Hugs å ta med legitimasjon.

Dersom du skal hente for ein annan person, treng du i tillegg fullmakt og kopi av legitimasjonen til personen du skal hente for.

Fornying av resept:

Du som pasient kan sjølv logge deg inn på helsenorge.no og be om fornying av resept på dine faste legemiddel, medisinsk utstyr og anna som blir foreskrive på resept.

Resepttjenesten på Helsenorge gjev god oversikt over kva reseptar du har og om det er meir att på resepten din.​

Sjekk først!

Sjekk alltid med apoteket om du har att medisin på resept før du ringer legekontoret for å bestille nye.

Ver ute i god tid:

Det er lurt at du bestiller medisinen din i god tid før du treng den. Dette er både grunna kapasiteten til legane og sjukepleiarane på Fyresdal helsehus og at apoteket i mange tilfelle må bestille medisinen frå ekstern leverandør.

Hente på Spar eller på Daglegvare Heggland?

Dersom du ynskjer å hente medisinen din på Spar eller på Heggland Daglegvare, må du seie ifrå om det ved bestilling.

Sjølvbetent betalingsterminal på helsehuset

Betalingsautomaten på helsehuset er av merke Melin.  

Fakturagebyret på betalingsautomaten på helsehuset er kr 69,-. Fakturagebyret skal dekke kostnader for administrasjon og utsending av faktura.

Kven mottek faktura med gebyr?

  • Pasientar som ikkje har betalt på betalingsterminalen innan 48 timar.
  • Pasientar som ikkje møter til avtalt time.
  • Pasientar som ynskjer å utsette betalinga og vel å få tilsendt faktura.

Angåande fakturering via betalingsterminalen:

Faktura blir hovudsakleg sendt elektronisk, i form av sms eller e-post. Dersom det er registrert ei e-postadresse på pasienten vil betalingsopplysningane bli sendt per e-post; dersom det ikkje er tilfellet vil det bli sendt per sms.

Dersom det ikkje er registrert e-postadresse eller telefonnummer på pasienten, eller pasienten er over 75 år, vil det bli sendt faktura per post. Det vil då kome på eit miljøgebyr på kr 10,-, i tillegg til fakturagebyret.

Dersom du som pasient ynskjer å motta faktura elektronisk kan du sjølv registrere dette på pasientsky.no

Ta gjerne kontakt med helsehuset ved spørsmål.