Fyresdal kommunestyre har i samband med utbygging av Århusjordet gjort formelt vedtak om å endre stoppestaden for buss og gods til Fyresdal. 

Ny terminal for reisande med buss til og frå Fyresdal vil vere i rundkøyringa ved samfunnshuset, same stad som skuleruta i dag leverer og hentar skuleungane.

Ny stoppestad er diskutert med Vestfold og Telemark fylkeskommune og Fylkets trafikksikkerhetsutvalg (FTU), og dei er nøgde med løysinga.

NB. Køyremønsteret vil bli endra frå måndag 27.11.2023!