Ombygginga av storsalen er godt i gang! Og dersom alt går etter planen, vil arbeidet vere ferdig til februar 2024. Då vil storsalen vere klar med nytt lager, nytt golv, nytt ventilasjonssystem, ny «back stage», nytt uttrekkbart amfi, nye bord og nye stolar. NB. Det kan ta litt tid før vi er klare for å leige ut.

I desember 2023 blei det løyvd midlar til lyd, sceneteknikk, scenetepper m.m. Vi vil så snart som mogleg få det ut på anbod, slik at arbeidet også kan starte så snart som mogleg. Ferdigstilling av dette arbeidet vil avhenge av leverandørar og leveringsfristar. Vi vil informere så godt vi kan undervegs.

Det blei i desember også løyvd pengar til oppussing av gangen/foajeen og toaletta. Det skal m.a. leggast til rette for tilgang til toaletta frå utsida av bygget, i samband med trafikken til Hamaren og nytt busstopp ved samfunnshuset. Dette arbeidet skal gjennomførast så snart som mogleg, og i løpet av 2024.

Veslesalen er nymåla og det er kjøpt inn ein del nye møblar og litt pynt til desse lokala, som fyrst og fremst blir nytta av ungdomsklubben.

Det er altså framleis litt arbeid att før alt er på plass. Men noko kan allereie brukast, og vi får berre sjå fram til at alt er ferdig – då blir det skikkelig bra!

Leige lokala?

Dersom du har planar om å leige lokala på samfunnshuset, ta kontakt med sentralbordet. Det er mogleg å bestille veslesalen som før – og storsalen etter kvart.

Mvh Kulturavdelinga