Kommunestyret vedtok i Økonomiplan 2023-2026 og budsjett 2023 ei prisjustering på kr 1200,- på kommunalt vatn, gjeldande frå årsskiftet 2022/2023. 

Prisjusteringa kom dessverre ikkje med på fakturaen for kommunale avgifter som hadde forfall 20. mars. For at årsbeløpet skal bli riktig er heile beløpet nå med på fakturaen som har forfall 20. september. Fakturabeløpet er av denne grunn noko høgare enn vanleg. Fakturaene blir sendt ut i desse dagar. 

Ved spørsmål, ta kontakt med Mari Sørum Juva på 35 06 71 37.