Fyresdal kommune har inngått eit samarbeid med Larvik læringssenter om introduksjonsprogram for flyktningar busett i Fyresdal kommune. I dag gjekk startskotet for ein ny, digital kvardag med fleksible løysingar!

Prosjektet går ut på utvikle innovative løysingar i introduksjonsordninga som regulerast av Lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringsloven). Prosjektet skal gi norskopplæring innanfor introduksjonsordninga som små kommunar har utfordringar med å dekke. Dei enkelte deltakarane skal sleppe ein krevjande reiseveg i ein ny kvardag i eit nytt land. 

Kommunane Nissedal, Fyresdal og Kviteseid har vedtatt å busette 30 flyktningar kvar i 2023. Mange mindre kommunar har ikkje god nok kompetanse på vaksenopplæringsfeltet til å sjølve kunne drive norskopplæringa, derfor treng vi å utforske nye hybride digitale måtar å drive norskopplæring på, der kompetanse blir henta ifrå større etablerte læringssenter.

Prosjektet er ein pilot, det er foreløpig ikkje testa ut i nokon andre norske kommunar, og vi blir såleis med på å utforme dette heilt ifrå starten.

Målet med prosjektet er å:

  1. Etablere ein digital undervisningsmodell som er overførbar til andre kommunar
  2. Utarbeide ein rettleiar for "stedlig fasilitator” (ein tilretteleggar på staden) i undervisningslokalet i heimkommunen
  3. Utvikle eit fjernundervisningsrom som mogleggjer digital undervisning til ein eller fleire kommunar på same tid
  4. Utvikle eit klasserom der ein kan undervise både på staden og digitalt samtidig
  5. Lage videoar for ulike tema som deltakerane kan sjå om att og som kan vere tilgjengelege i læringsressursen
  6. Lage ein økonomisk modell for bruk av "per capita" (for kvar person) - tilskot i ei samarbeidsløysing om digital skule med ein tilretteleggar på staden
  7. Lage produktark for digitale løysingar som prosjektet finn hensiktsmessig å nytte, tilpassa deltakarar på ulike språknivå

Larvik læringssenter stiller med utdanna lærarar med undervisningserfaring ifrå introduksjonsprogram i samsvar med integreringsloven. 

Fyresdal kommune har administrative oppgåver rundt organisering, vi skal stille som hjelpelærarar i undervisningsromma, og vi skal ta oss av praktiske oppgåver som måtte dukke opp undervegs.

Ved spørsmål, ta kontakt med Oddbjørn Svendsen, Samir Hegglid eller Cecilie Korneliussen:

oddbjorn.valentin.svendsen@fyresdal.kommune.no 
samir.hegglid@fyresdal.kommune.no 
cecilie.korneliussen@fyresdal.kommune.no