Samfunnshuset er eit fleirbrukshus i Fyresdal sentrum. Besøksadressa er Fyresdalsvegen 2233. 

Huset har storsal (305 ståplassar/216 sitteplassar), veslesal (70 sitteplassar), diskotek og kjøkken. I bygget finn du også biblioteket. Huset er mykje nytta - ein må i regelen tinge plass i god tid. 

Brukartid på samfunnshuset - faste tingingar:

  • Frist for å søkje om brukartid om hausten er 15. mai
  • Frist for å søkje om brukartid om våren er 15. november

Ynskje leverast skriftleg til Fyresdal kommune, Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal eller via postmottak@fyresdal.kommune.no.  

Fordelinga av brukartid skal skje etter denne prioriteringa:

1. Kommunale arrangement (ungdomsklubben, skulen, kulturskulen osv.)
2. Arrangement for barn og unge
3. Andre arrangement
4. Ideelle tiltak skal gå framfor kommersielle tiltak
5. Lokale leigetakarar skal gå framfor utabygdes leigetakarar

Brukartid på samfunnshuset - ikkje faste tingingar:

Dersom ein ynskjer å tinge samfunnshuset på ledige dagar eller leige utstyr som stolar og bord, ta kontakt med sentralbordet på kommunehuset på 35 06 71 00.

Husleige for bruk av samfunnshuset:

Desse arrangementa skal få nytte samfunnshuset gratis:

  • Tiltak for barn og unge
  • Alle arrangement i kommunal regi
  • Idrettslag frå Fyresdal; alle tiltak som driv fysisk fostring

Desse arrangementa må betale husleige:

  • Tiltak for vaksne som ikkje kjem under førre opplisting
  • Alle private arrangement
  • Kommersielle tiltak

Reglar og branninstruks:

Leigetakarar for faste tingingar skal få utdelt reglar for bruk av samfunnshus og branninstruks, når tildeling og leigetilhøve med klubbleiar er avtala. 

Alle andre leigetakarar får utdelt reglar og branninstruks ved utlevering av nykel.