Å skrive for nettet og i ei form som sel, er ikkje rett fram. Derfor inviterer vi til skrivestoge for dei som vil ha hjelp til å få informasjon om produkta sine ut på www.visittelemark.no/fyresdal.

Bruk anledninga til å lære noko nytt og få snakka med andre aktørar i reiselivet. Dette blir eit uformelt møte der vi hjelper kvarandre med å kome i mål. Ta med eigen PC, og så jobbar vi saman for å få produkta klare for  den digitale turistinformasjonen.

Kvelden er for dei som ynskjer å vise produktet sitt fram på www.visittelemark.no/fyresdal.

Tid og stad: 

Torsdag 11. april kl. 17.00-19.00
Fyresdal næringshage

Ta kontakt med Gerd Straume på gerd.straume@fyresdal.kommune.no eller 90 59 18 36 ved spørsmål.

Velkomen!