Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan nå søke om tilskot til aktivitetar retta mot barn og unge som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap.

Verksemder som skal søke om tilskot må vere registrert i Enhetsregisteret. Enkeltpersonføretak og privatpersonar kan ikkje søke.

Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp.

Med samfunnsdeltaking meiner ein tilknyting til fritidsaktivitetar, kulturliv, utdanning, organisasjonsliv og arbeidsliv, samt demokratisk deltaking.

Målgruppa er barn og unge til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap. For aktivitetstypane "los/ungdomslos" og "opne møteplassar" er målgruppa barn og unge mellom 10 og 24 år.

Utanforskap handlar om å stå utanfor ulike arenaar eller fellesskap i samfunnet. Risikofaktorar for utanforskap kan vere:

  • Å vekse opp i familiar med låginntekt 
  • Manglande sosialt nettverk 
  • Manglande tilknyting til skule/arbeid
  • Manglande deltaking i fritidsaktivitetar 

Risikofaktorar kan vere overlappande eller forsterke kvarandre.

Søknadsfristen for tilskotet er 3. november 2023.

Les meir om ordninga på bufdir.no.