Velkomen til vaksinering på legekontoret:

  • Torsdag 19. oktober kl. 14.30-18.00
  • Onsdag 25. oktober kl. 14.30-18.00

Prisar:

  • Influensavaksine: Kr 200,-
  • Lungebetennelsevaksine (pneumokokk): Kr 400,-
  • Koronavaksine: Gratis

Influensevaksine anbefalast til: 

  • Bebuarar i omsorgsbustadar og sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Personar med ulike kroniske sjukdomar, gravide (2. og 3. trimester), og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødde før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månadar (kronologisk alder) til 5 år
  • Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesten som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie
  • Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar
  • Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl

Lungebetennelsevaksine (pneumokokk) anbefalast til:

  • Alle over 65 år
  • Dei som har sjukdom som gir immunsvikt
  • Dei som brukar medisinar som svekkar immunforsvaret
  • Dei som har ein kronisk sjukdom eller tilstand som gir auka risiko for pneumokokksjukdom

Lungebetennelsevaksine kan gjevast kvar 6. år.

Oppfriskingsdose med koronavaksine anbefalast til:

  • Personar i aldersgruppa 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar
  • Personar i aldersgruppa 18-64 år som inngår i ei risikogruppe
  • Ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • Barn i alderen 6 månadar til 11 år med alvorleg grunnsjukdom dersom barnets lege vurderer dette som viktig 
  • Gravide i 2. og 3. trimester (vaksinasjon i 1. trimester kan vurderast dersom den gravide har tilleggssjukdomar som gir ytterlegare auka risiko)

Det må ha gått 6 månadar siden sist dose koronavaksine.

Nyttige lenker til fhi.no:

Oversikt over dine vaksiner?

Du kan sjekke kva vaksiner du har tatt ved å logge inn på helsenorge.no. Har du barn under 16 år, kan du også sjå deira vaksiner.