Vikfjell Naturreservat

Oppretta 28.04.1978, omfattar eit areal på 470 daa. Formålet med fredinga er å bevare ein forekomst av almlindeskog som ligg uvanlig høgt over havet og har innslag både av fjellplanter og varmekjære låglandsplanter.

Reservatet som er vegetasjonskartlagt, ligg ca.360-500 moh i lia søraust under Vikfjell, vest for nordenden av Fyresvatn. Bestandet grenser til ein bratt fjellvegg i nordvest, og er elles omgitt av blåbærgranskog. Berggrunnen består av granitt med amfibolittganger. Terrenget i reservatet er bratt og uframkomeleg pga stor stein og blokk, og det er difor lite sannsynlig at det vil bli noko særlig ferdsel i området. Bestandet har ingen spor av menneskelige inngrep, og minner om ein tidlig fase av utskog med forholdsvis lite nedfalne trestammer.

Bestanden utgjør ein av dei aller mest verdifulle edellauvskogsforekomstar på grensa mot fjellforhold. Denne er danna som fylgje av svært gunstige lokalklimatiske og jordbunnsmessige forhold. Vegetasjonstypen er en urørt fjellutforming av alm-lindeskog. Den har lind, hassel, ask og alm i tresjiktet. Undervegetasjonen har innslag av både fjellplanter og varmekjære låglandsplanter, bl.a. myske, kantkonvall, taggbregne, blåveis og fjelldronning.

I 1999 ble det gitt tillating til innsamling av lav for vitskapeleg formål, dette i regi av Skogeierforbundet, Botanisk hage og museum ved Universitetet i Oslo.

Ørnekråheia Naturminne

Oppretta 05.03.1918, omfattar ei gamal furu (også kalla Listøylfurua) med ein diameter på 110 cm og trehøgde på 16,5 m. Verna med omsyn på botanisk verdi. Ørnekråheia Naturminne (Listøylfurua) er no innlemma i "Fugldalen Naturreservat", og den delen av kgl. res av 5. mars 1918 som gjeld freding av Listaulfurua er med det oppheva. I staden er Listøylfurua verna gjennom "Forskrift om vern av Fugldalen Naturreservat, Fyresdal Kommune", sjå kulepunkt nedanfor.

Drangstveiteika

Drangstveit Naturminne, oppretta 02.10.1973, omfattar ei gamal eik med ein diameter på 85 cm og trehøgde på 21,0 m. Verna med omsyn på botanisk verdi.

Storsteinfjell Naturreservat

Oppretta 16.12.2005, omfattar eit totaleareal på 9290 daa. Verna med omsyn på områdets nærhet til urørt naturområde med naturskog av furu. 

Fugldalen Naturreservat

Oppretta 16.12.2011, omfattar eit totalareal på 18.330 daa og ligg på vestsida av Øysævatn. Området har ei særskild pedagogisk og naturvitskapleg verdi som eit representativt høgareliggande nordborealt skog- og heiomåde, og er eigenarta i form av stort innslag av gamle grove furutre, grove læger og tørt virke. Området inneheld også Listøylfurua (Ørnekråheia Naturminne) som er omtala ovanfor.

Hærstad Naturreservat

Oppretta 25.01.2013, omfattar eit totalareal på 9.680 daa og strekkjer seg frå Hærstad i sør, til Homvatn og Grunnvatn i nordvest, mot grensa til Tokke Kommune. Naturreservatet omfattar også toppen av Berfjell. Føremålet med vernet er i fyste rekkje å take vare på eit stor og samanhengande område med lite påverka og urørd granskog. Området inneheld rikare sørberg og område med rasmark med element av lågurtgranskog, rik boreal lauvskog og opne rasmarkparti med lågurt- og høgstaudeflora opp mot 900 moh. Kjerneområde inneheld særs grovvoksen og urørd blåbærgranskog, og er verdt eit besøk.

Brårfjell Naturreservat

Oppretta 11.12.2015, dekkjer eit totalareal på ca. 584 daa, og ligg vest for Bondalsvatn i Kleivgrend. Føremålet med vernet er å ta vare på eit skogområde som har særleg verdi for biologisk mangfald grunna førekomst av rik edellauvskog og ein rik flora. Området har særskild naturvitenskapleg verdi grunna førekomst av sjeldsynte skogtypar som alm-lindeskog og lågurtskog, og mange sjeldsynte og truga artar av karplanter, mose, sopp og lav.

Krålen Naturreservat

Oppretta 10.06.2016 dekkjer eit totalareal på ca. 702 daa, og ligg vest for Skredevatn i Hauggrend. Føremålet med naturreservatet er å take vare på eit skogområde som har særleg verdi for biologisk mangfald grunna førekomst av gamal barskog med daud ved og rik bakkevegetasjon. Området har særleg naturvitenskapeleg verdi grunna førekomst av den svært sjeldne og truga arten lappkjuke, og andre sjeldsynte og truga artar av vedbuande sopp. Det er ei målsetting å halde på verneverdiane i mest mogleg urørt tilstand, og eventuelt vidareutvikle dei.