Vi har nokre ledige ressursar etter at det dessverre blei slutt på tilbod om dans i kulturskulen. Det er vanskeleg å rekruttere danselærarar og andre kreative sjeler til slike små stillingar - vi prøvar oss derfor nå på ein ny variant!

Vi vil veldig gjerne få til eit tilbod i kulturskulen som vi ikkje har frå før! Gjerne noko for dei yngste frå 1. trinn og oppover, og gjerne noko fysisk, til dømes variantar av dans eller dans og turn. Men det kan også vere heilt andre ting. Uansett - vi treng nokon som kan drive dette tilbodet! Sjølvsagt mot betaling, og som ein del av kulturskulen.

Dersom det sit nokon der ute og tenker “det, det kunne eg kanskje få til”, vil eg gjerne høyre frå deg! Og om du ikkje har lyst til å binde deg til eit heilt skuleår, men kanskje berre for ein periode, eller kanskje dele det med fleire personar, er det også interessant. Vi kan heilt sikkert einast om ei god løysing.

Vi treng også hjelp til aspirant- og juniorundervisning i korpset. Det dreiar seg om ca. 10 % stilling i delar av skuleåret. 

Per i dag har vi fylgjande tilbod i kulturskulen: Gitar, bass, hardingfele, ukulele, banjo, band, song, piano, slagverk og kunst- og handverk. Men det hadde vore så gøy å få til noko i tillegg, så eg håpar verkeleg å høyre frå deg/dykk!

Mvh Hilde Martini Momrak, avdelingsleiar kultur
Telefon 35 06 71 29
Mobil 95 27 09 05
E-post hilde.momrak@fyresdal.kommune.no