12.-13. januar kjem folkemusikarane og folkedansarane Torjus Bakken, Malin Røysland Skårberg og Lars-Ingar Meyer Fjeld til Fyresdal for å halde kurs for barn og ungdom i alderen 10-18 år! 

Kurset går frå kl. 17.00 fredag til kl. 17.00 laurdag. 

Mange kjenner Malin og Lars-Ingar frå kurs dei har hatt på skulen, og dei som liker dans, musikk og sosial aktivitet kan nå få prøve meir av dette - heilt gratis!

Påmelding på e-post til hilde.momrak@fyresdal.kommune.no.