Jon Krosshus minnefond

2 x kr 45 000,- til lokale kunstnarar i Telemark

DU kan nominere!

Billedkunstnerne i Telemark (BiT) ynskjer nominasjonar frå lokalbefolkninga i Telemark til kven som bør motta Jon Krosshus minnestipend i 2024. Dei skal finne fram til to lokale kunstnarar som vil få kvart sitt stipend pålydande kr 45 000,- for sin innsats og virke som kunstnar i sitt lokalmiljø. Alle kan nominere, og alle kan bli nominerte. Kriteriet er at kunstnaren oppfattast som ein ressurs i lokalmiljøet i kraft av å vere kunstnar. 

Send nominasjonen din med ei kort (eller lang:) begrunning til billedkunstnerneitelemark@gmail.com innan 1. april 2024. Juryeringa av prismottakarane vil skje av BiT ́s kunstneriske råd, og vinnarane vil bli annonserte på opninga av Stipendutstillingen ved Telemark kunstsenter 8. juni 2024. 

Billedkunstnerne i Telemark (BiT) har fått i oppgåve å dele ut dei resterande midlane i Jon Krosshus minnefond for avvikling av fondet. Pengane skal delast ut i form av stipend til biletkunstnarar og kunsthandverkarar som har sitt virke i Telemark. 

Dei ynskjer gjennom ein open nominasjonsprosess å finne fram til personar som av sitt lokalmiljø oppfattast som viktige ressursar for å skape og oppretthalde eit kunstmiljø lokalt. Personar som brukar av eiga tid til å skape moglegheiter for andre kunstnarar, som delar av eigne kunnskapar og ferdigheiter og som frivillig tar på seg oppgåva med å vere ein formidlar av kunst og kva det betyr for samfunnet. 

Kunstnarane deltar i lokalmiljøet sitt gjennom jobbar, lokalpolitikk, foreldrenettverk og fritidsaktivitetar, og bringer sine kunstfaglege ferdigheiter og perspektiv inn her. Som aktive innbyggarar formidlar kunstnarane eksistensen av kunst i sitt lokalmiljø, og viser kva bruk og nytte ferdigheitene som knyter seg til kunstnerisk praksis kan ha for aktivitetar i samfunnet. Det er denne forståinga som legg grunnlaget for vilje til bidrag og samarbeid på tvers av ulike aktørar i lokalmiljøet om lokale initiativ som kjem alle kunstnarar til gode - det vere seg lokale stipendordningar, atelierløysingar, utstillingslokale eller kunstfaglege arbeidsoppdrag. 

Det er denne delen av ein aktiv og profesjonell kunstnars praksis i distriktet BiT ynskjer å synleggjere og heidre gjennom utdelinga av Jon Krosshus minnefond for siste gang. 

Jon Krosshus var skulptør, keramikar, teiknar og målar frå Hjartdal i Telemark, og sjølv ein representant for haldninga å skape moglegheiter for andre kunstnarar, noko minnefondet i seg sjølv er eit uttrykk for. I tillegg hadde han ein integrert praksis der han var aktiv som biletkunstnar og kunsthandverkar, i fagpolitisk arbeid og som pedagog. Krosshus bidrog til kunstfagleg opplæring for elevar i grunnskulen over det ganske land, gjennom sitt arbeid ved Notodden lærerskole i forming, der han jobba som lektor frå oppstart av skulen og fram til sin død i 1983. Parallelt hadde han ein  kunstnerisk praksis med stor utstillingsaktivitet i distriktet og mange utsmykkingsoppdrag i offentlege bygg.