Psykisk helse
Tenesta er ein del av helsetilbodet i kommunen, og skal gje hjelp og rettleiing til dei som på grunn av psykiske vanskar ikkje meistrar kvardagslivet sitt.
Tenesta er eit lavterskeltilbod og gratis.
Slik kjem du i kontakt med kommunens psykisk helse-teneste:
- Ring helsehuset på tlf. 35 06 73 00, så formidlar dei kontakt.
- Be lege eller spesialisthelsetenesta (t.d. sjukehus eller psykolog) om å formidle kontakt for deg.
- Ring direkte til fagansvarleg psykisk helse og rus, Åsne Gro Sandvik, på 35 06 73 00 / 90 59 31 35.
Kva skjer vidare?
- Etter oppmodinga blir det gjort ei vurdering, vanlegvis ei samtale, deretter vert ein einige om eventuelle tiltak.
Tenesta omfattar mellom anna:
- Støttesamtaler, rettleiing og oppfølging i forhold til eigen livssituasjon.
- Koordinering i forhold til dei andre i hjelpeapparatet.
- Rettleiing og tilrettelegging rundt busituasjonen.
- Støtte og hjelp i forhold til arbeid og daglege aktivitetar.
Måndagskafé på frivilligsentralen:
Kaféen er open kvar måndag kl. 10.00-14.00. Her møtes vi for ein hyggeleg prat. Vi fokuserer på trivsel, livskvalitet, samvær og meistring. Velkomen!
Interkommunal psykologteneste
Kommunane Nissedal, Fyresdal, Kviteseid, Seljord og Tokke samarbeider om ei interkommunal psykologteneste. Funksjonen blei oppretta i 2019, med barn og unge (0-23 år) som fokusområde. Psykologtenesta består av to kommunepsykologer, som er organisert i eit team.
Psykologtenesta skal ivareta arbeidsoppgåver på fleire nivå. Sentrale arbeidsområde er helsefremjande og førebyggjande arbeid, planarbeid, kompetanseutvikling og å medverke til samordna tenesteutvikling i dei fem kommunane. Psykologane rettleier og gjev fagstøtte til fagpersonar som treff barn og unge, og er med i tverrfagleg arbeid i dei ulike kommunale tenestene. Nokre gonger treff dei også barn, unge og foreldre direkte, til rettleiing, oppfølging og lågterskel behandling.
Kommunepsykologane har hovudkontor i Seljord, Brøløsvegen 13 A. Dei disponerer kontor på helsesentra i dei andre kommunane og arbeider etter behov derfrå.
Spørsmål til kommunepsykologane blir retta gjennom kontakt med helsepersonell som arbeider med barn og unge i kommunen.
Nyttige lenker/nettstader:
Finne hjelp når noko er vondt eller vanskelig:
Hjelp til hjelp – nettportal for psykisk helse
Kors på Halsen
Kirkens SOS
Alarmtelefon for barn og unge
Spørsmål om kropp, mat, spiseforstyrringar?
Spiseforstyrrelsesforeningen
Rådgivning om spiseforstyrrelser
Spørsmål om sex og seksualitet?
Tekstar om mange viktige tema:
Filmar:
Om vald: nrksuper.no/serie/vold/
Om overgrep: rvtsvest.no/barn-ma-vite-informasjonsfilm-om-overgrep/
«Alfred og skyggen. En liten film om følelser»
«Alfred og skyggen. En liten film om selvkritikk»
«Alfred og skyggen. En liten film om å være redd»
Ressursar om vald og traumatisk stress og sjølvmord:
Regionale sentre for vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging