Kvar laurdag i heile juli vil Fyresdal Bygdemuseum i samarbeid med Vest-Telemark museum ha aktivitetsdag i Øyskogen. Fyresdal er ein kommune rik på handverk og tradisjon. Museet vil ha open utstilling med guide laurdag (og sundag!) kl. 11-17 desse helgene, og kvar laurdag vil dei presentere lokale bedrifter og utøvarar av tradisjonshandverk i Fyresdal, som stiller ut varer og produkt for sal og bestillingar. Øyskogen vil vere open for alle besøkande desse dagane! 

Utstillinga i museumsbygget er basert på boka «Red River Girl» og fortel historia om ein familie som utvandrar frå Fyresdal til Amerika i 1860. Der blei dei grunnleggjarar av «Buffalo River Settlement», ikkje langt frå dagens byar Fargo og Moorhead, i 1871. Historia er fortalt gjennom bilete laga av kunstnaren Orabel Thortvedt som er 3. generasjon innvandrar i denne familien.

Laurdag 6. juli: 

Vest-Telemark museum har open utstilling. Anette Forsdal Halvorsen driv Åsbergtunet saman med mannen Stein. Her driv dei med geiter, samt café og catering. Anette tek med salsboden og vil ta med heimelaga bakverk og såper med meir.

Laurdag 13. juli: 

Vest-Telemark museum har open utstilling. Sauebonde og kunstlærar Ingun Momrak-Haugan viser fram flotte skinnarbeid og linoleumstrykk for sal, og tek imot bestillingar.

Laurdag 20. juli: 

Vest-Telemark museum har open utstilling. Fyresdals eigen smed Jan Erik Klausen har knivutstilling og viser fram unikt kvalitetshandverk frå smedyrket. Han tek imot bestillingar. 

Laurdag 27. juli: 

Vest-Telemark museum har open utstilling. Andreas Valebjørg frå Valebjørg Design viser fram trearbeid, og har med seg bilethoggar Odd Jørgensen. Her kan dei som ynskjer få prøve seg på øksekast. Kanskje dukkar det og opp nokre firebeina…

Her kan du lese meir om og sjå bilete frå Anette Forsdal Halvorsen, Ingun Momrak-Haugan, Jan Erik Klausen, Valebjørg Design og Odd Jørgensen.