Omsorg og respekt for kvart einskilt menneske er viktig i møte med ulækjeleg sjuke og døyande menneske.

Pasienten må få eit tilbod som er slik at den siste tida kan opplevast som meiningsfull. Pasienten må mest mogleg få leve slik han/ho ynskjer det. 

Det pasienten og dei pårørande ynskjer skal ha mykje å seie ved avgjerda om pasienten skal vere heime eller på institusjon i livets sluttfase. Dersom den sjuke er heime, må både pasient og pårørande få tilstrekkeleg opplæring i bruk av medisinar, smertepumpe eller andre hjelpemiddel.

Pasienten har krav på å få informasjon om personar i helsevesenet han/ho kan kontakte når det måtte vere nødvendig.