Det er mange som har lyst til å selje eigne produkt, handverk, bakevarer og vaflar i sentrum, og som har etterspurd permanente salsbodar i sentrum. Drivarane i Folkestadbyen ynskjer seg meir liv og røre, og den auka turiststraumen set nok pris på fleire tilbod.

Sommaren 2024 får vi dette til! Vi får leige dei flotte dommarbodane til Hugljufur Islandshestforening i sommar – perfekte som utsalsbodar.

Bodane vil vere på plass i Fyresdal sentrum innan 20. juni og vi ynskjer alle som er interesserte velkomne til å booke tid i bodane. Vi har foreløpig ikkje heilt straumen på plass, men vi melder når dette er i orden. Her kan privatpersonar og verksemder selje sine produkt, lag, foreiningar og skuleklasser kan selje vaflar, kanelsnurrar, drikke mm. Det er berre fantasien (og litt lovar og reglar om matsal) som set grenser. Dette kan bli ein fin måte å tene pengar til laget på, eller få fram sine eigne produkt. 

I fjor var torsdag, fredag, laurdag og sundag dei travlaste dagane. Det er flest folk i Hamaren mellom kl. 11.00 og 15.00, høgdepunktet er kl. 13.00. Det kan vere fint å bruke denne statistikken for å planlegge kva tid ein ynskjer å stå i bodane. Vi håpar at mange har lyst til å bidra til liv og røre i sentrum – og ikkje minst til å auke eigen inntening.

Her finn du reglar for “Kortvarig salg av mat”.

Du kan booke bod allereie no – fyrste bookbare dato er 20. juni!

Slik bookar du:

Send e-post til merethe.reinskas@fyresdal.kommune.no. Skriv kven du bookar for, kva dagar du vil booke og litt om kva du ynskjer å selje. Om vi veit kva de tenkjer å selje, kan Visit Fyresdal vere med på å marknadsføre salet gjennom våre kanalar.

Vi ynskjer alle velkomne som kjøpmenn i Folkestadbyen sommaren 2024!

Helsing prosjektgruppa Turist 2024