Helsestasjon 0-5 år

Helsestasjonen fylgjer opp barnet og deira familie etter fastsatt program frå Helsedirektoratet. Spesielt vektleggast barnets fysiske og psykososiale utvikling. Ved helsestasjonen kan de få rettleiing og støtte i spørsmål knytt til barnets vekst, utvikling og trivsel. Barnet blir jamleg kalla inn til konsultasjoner på helsestasjonen, men du kan også sjølv ta kontakt utover det.

Når ein flyter må det gjevast beskjed til helsestasjonen ein har høyrd til om ny adresse, med informasjon om at dei må sende journal på barnet til ny helsestasjon.

Kva tilbyr helsestasjonen:

  • Helseundersøkingar og rådgjeving med oppfølging og henvisning ved behov.
  • Tilbod om barnevaksinasjonsprogrammet.
  • Førebyggande psykososialt arbeid.
  • Opplysningsverksemd og rettleiing individuelt.
  • Heimebesøk og oppsøkande verksemd.
  • Samarbeid om habilitering av barn og ungdom med spesielle behov, herunder kronisk sjuke og funksjonshemma.

Helsestasjonsprogrammet:

  • Nyfødt: Heimebesøk av helsesjukepleiar.
  • 4 veker: Undersøking og samtale ved helsesjukepleiar.
  • 6 veker: Legeundersøking. Vaksinasjon. Samtale og undersøking ved helsesjukpleiar. Undesøking av fysioterapeut.
  • 3 månadar: Vaksinasjon. Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
  • 4 månadar: Undersøking av fysioterapeut. Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
  • 5 månadar: Vaksinasjon. Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
  • 6 månadar: Legeundersøking. Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
  • 8 månadar: Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
  • 10 månadar: Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
  • 12 månadar: Legeundersøking. Vaksinasjon. Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
  • 15 månadar: Vaksinasjon. Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
  • 18 månadar: Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
  • 2 år: Legeundersøking. Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
  • 4 år: Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.

Andre oppgåver helsestasjonen tilbyr:

Skulehelseteneste i grunnskulen

Skulehelsetenesta er eit lovpålagt tilbod til alle, og er ei vidareføring av helsestasjonsarbeidet. Helsesjukepleiar, psykisk helse, jordmor, helsestasjonslege og fysioterapeut samarbeider om skulehelsetenesta. 

Oppgåva er å drive helsefremjande og førebyggande arbeid gjennom å gje råd, rettleiing, gjennomføre helseundersøkingar og vaksinasjonar, og har ei viktig rolle i mobbesaker. Skulehelsetenesten samarbeider med heim, skule, tannhelsetenesten og andre ulike samarbeidspartnarar.

Helsesjukepleiar ynskjer å medverke til at barn og unge aktivt er med på å påverke eige liv, slik at den enkelte skal oppleve god helse/trivsel og bli mest mogleg tilfreds med tilværet.
Den viktigaste delen av arbeidet er å vere til stades for den enkelte elev og foreldre, når dei tek kontakt for samtale, råd eller rettleiing. Helsesjukepleiar har fast trefftid på skulen, og foreldre og elever kan ta kontakt med helsesjukepleiar uten førehandsavtale. 

Her ser du skulehelseprogrammet: 

1. klasse: Skulestartundersøking ved helsesjukepleiar, lege og fysioterapeut.
2. klasse: Vaksine DTP-IPV med samtale om helsa.
3. klasse: Høgde- og vektmåling. 
4. klasse: Tannhelse ved Fyresdal tannklinikk. Undervisning om tannhelse frå tannpleiar.
5. klasse: Undervisning om kosthald og pubertet.
6. klasse: MMR-vaksine + samtale om helsa. 
7. klasse: HPV-vaksine for gutar og jenter.
8. klasse: Individuell samtale. Høgde- og vektmåling. Undervisning om tannhelse frå tannpleiar.
9. klasse: Undervisning om samliv og seksualitet saman med 10. klasse.
10. klasse: Vaksine (DTP-IPV). Undervisning om samliv og seksualitet.
 

Nyttige lenker:

Helsestasjon for ungdom

Gratis tilbod til alle ungdomar i alderen 12-20 år!

NB. Ein treng ikkje å bestille time.

Du finn oss på helsehuset - innerst i gangen til venstre etter venteromet.

Dersom du kjem innom, men ikkje treffer på den du ynskjer å snakke med, så set vi berre opp ei avtale for deg. Det heng liste på skulen og på ungdomsklubben med oversikt over kven som er der dei ulike onsdagane, og det blir lagt ut info på Instagram (hfu_fyresdal).

Snakk med oss om det du vil!

Hos oss kan du kome med ting som rører seg hos deg. Ting som er vanskelege for deg akkurat nå, eller ting du har gått og tenkt på ei stund. Det kan også vere at du lurar på noko angåande kroppen din, kanskje du er bekymra for ein venn, kanskje du ynskjer prevensjonsmiddel, eller kanskje du ikkje har det noko greit heime. Vi er her for deg! Uansett om du berre har eit lite spørsmål eller har ei stor bekymring.

Hugs at vi har teieplikt!

På HFU møter du:

Lege, jordmor, Åsne Gro Sandvik og Nina Breivik.

Nyttige lenker:

Amathea - kvinnehelse, seksuell helse og minoritetshelse
Barneombudet
helsenorge - rus og avhengighet
Helsestasjon og skolehelsetjenesten (helsenorge.no)
Mental helse ungdom
Skeiv ungdom
Støttesenteret mot incest og seksuelle overgrep
Pasient og tolk - ei brosjyre om tolk i helsetjenesten
Sex og samfunn
Ung.no